St.prp. nr. 6 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 87/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2005/60/EF av 26. oktober 2005 om tiltak for å hindre at det finansielle systemet vert nytta til kvitvasking og finansiering av terrorisme

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

I direktiv 2005/60/EF er det fastsett førebyggjande tiltak mot bruk av det finansielle systemet til kvitvasking av pengar og til finansiering av terrorisme. Direktivet byggjer på tidlegare direktiv på dette området, men utvidar tiltaka m.a. i høve til tiltak mot finansiering av terrorisme og verkeområdet til direktivet. Direktivet kjem i staden for tidlegare kvitvaskingsdirektiv (direktiv 91/308/EØF og direktiv 2001/97/EF).

Direktivet følgjer opp tilrådingar frå Financial Action Task Force (FATF) om tiltak mot kvitvasking av utbytte (revidert i juni 2003) og delar av dei spesielle tilrådingane frå FATF mot terrorfinansiering frå oktober 2001, med samordna gjennomføring og bruk av tilrådingane på fellesskapsnivå. FATF er ein internasjonal organisasjon med deltakarar frå alle OECD-land, medrekna Noreg, og einskilde andre land. Sidan skipinga i 1989 har FATF utarbeidd tilrådingar om tiltak mot kvitvasking av utbytte. Tilrådingane gjeld m.a. identifisering av kundar, og gransking og rapportering av transaksjonar ved mistanke om at transaksjonen er knytt til utbytte frå ei straffbar handling.

På bakgrunn av terroråtaka i USA 11. september 2001 har FATF utvida verkeområdet sitt til å omfatte tiltak mot terrorfinansiering. Føremålet med tilleggstilrådingane er m.a. å hindre at terroristar og støttespelarane deira får tilgang til det internasjonale finansielle systemet, og dessutan å kunne avdekkje kven som står bak innsamling av midlar til terrorføremål. Tilleggstilrådingane gjeld m.a. tiltak for å sikre opplysningar om identiteten til avsendaren ved elektronisk overføring av midlar.

Direktivet inneheld ein ny definisjon av «kvitvasking av pengar» ved at finansiering av terrorisme òg er omfatta.

Tidlegare kvitvaskingsdirektiv krev nasjonal regulering av ei rekkje ulike typar institusjonar, m.a. finansinstitusjonar, kredittinstitusjonar, verdipapirføretak, eigedomsmeklarar, advokatar og revisorar. Etter det nye direktivet skal verkeområdet for nasjonale reglar òg omfatte livsforsikringsmeklarar og tilbydarar av tenester som omfattar hjelp ved etablering eller leiing av selskap og såkalla trustar. Dessutan skal alle fysiske og juridiske personar som handlar med varer og aksepterer betaling i kontantar over ein terskel på 15 000 euro, omfattast. Sett i høve til tidlegare direktiv på dette området opplyser direktivet om endringar i krav til identifikasjon av kundar, m.a. ved at prosedyrane skal gjennomførast på grunnlag av ei risikovurdering. Direktivet opnar for at medlemsstatane kan tillate meir lempelege identifikasjonskrav når det er lågare risiko for kvitvasking av pengar. Det skal nyttast skjerpa identifikasjonskrav når risikoen for kvitvasking vert rekna som stor — som minstekrav i tilfelle der kunden ikkje er fysisk til stades, ved korrespondentbank-avtaler mellom ein EØS-institusjon og institusjonar frå tredjestatar (korrespondentbankar er bankar som avtalar at betalingstransaksjonar over landegrensene skal finne stad gjennom overføringar mellom kontoane som dei høvesvise bankane har hos kvarandre) eller overfor samband med utanlandske såkalla politisk utsette personar (dette tyder fysiske personar som har eller har hatt høgtståande offentlege stillingar, familiemedlemmene deira og andre som dei er nært knytte til).

Vidare inneber direktivet at det i nasjonal rett skal stillast krav til å slå fast kven som er den reelle eigaren, og til å forstå selskapskonstruksjonen til kunden.

Etter direktivet skal det setjast i verk føremålstenlege tiltak for å unngå at tilsette og familiane deira vert utsette for truslar etter rapporteringar.

Det skal førast tilsyn med at alle institusjonar og personar som er omfatta av direktivet, stettar krava i direktivet.

EU-kommisjonen har fått fullmakt til å vedta einskilde gjennomføringstiltak. Det er skipa ein komité for kvitvaskingsspørsmål som skal hjelpe Kommisjonen i dette arbeidet.

Finansdepartementet har varsla at eit utval vil få i oppdrag å vurdere om det er naudsynt med endringar i kvitvaskingslova og kvitvaskingsforskrifta til gjennomføring av EØS-plikter som svarar til direktiv 2005/60/EF og til gjennomføringsrettsakter som er fastsette av Kommisjonen til utfylling av det nemnde direktivet, og å kome med framlegg til slike naudsynte endringar.