Historisk arkiv

- Styrkjer kunnskapsnasjonen Noreg

Fleire skuletimar på barnetrinnet og gratis leksehjelp for dei yngste. 5600 fleire studieplassar ved universitet og høgskular og 350 millionar til klimaforsking. Offentleg forskingsfinansiering på nær éin prosent av brutto nasjonalprodukt. Regjeringa vidarefører tiltaka som følgde med tiltakspakken i januar, mellom anna for å kjempe mot fråfall i den vidaregåande opplæringa.

Fleire skuletimar på barnetrinnet og gratis leksehjelp for dei yngste. 5600 fleire studieplassar ved universitet og høgskular og 350 millionar til klimaforsking. Offentleg forskingsfinansiering på nær éin prosent av brutto nasjonalprodukt. Regjeringa vidarefører tiltaka som følgde med tiltakspakken i januar, mellom anna for å kjempe mot fråfall i den vidaregåande opplæringa.

- Tidleg innsats gjennom gode barnehagar og auka ressursar på dei lågaste klassetrinna gir elevane betre høve til å meistre og fullføre, seier statsråd Bård Vegar Solhjell. I budsjettet for 2010 blir det lagt inn meir til kvalitetssatsing i barnehagen og til fleire lærarar på 1.–4. klassetrinnet. Elevane skal få gratis leksehjelp i SFO. 

 

Tidleg innsats – barnehage og skule 

Barnehagar

  • Kvalitetstiltak i barnehagane blir auka med 35 millionar til 100 millionar kroner, mellom anna til innføring av leiarutdanning for barnehagestyrarar.
  • Foreldrebetalinga skal ikkje prisjusterast, det vil seie at prisen reelt sett blir redusert med 75 kroner per månad frå 2009 til 2010.
  • Som eit ledd i ein femårig opptrappingsplan for likeverdige tilskot til ikkje-kommunale barnehagar blir det foreslått å styrkje løyvinga med 82 millionar kroner.
  • Det blir lagt til rette for å etablere 7200 nye barnehageplassar for å sikre framleis oppfylling av retten til plass for alle barn. Det blir foreslått 464 millionar kroner til drift og utbygging av nye plassar i 2010. 

Totalt har løyvingane til barnehagar auka frå 13,5 til 26,8 milliardar kroner dei siste fire åra.  

Skular

  • Det blir foreslått å innføre åtte veketimar gratis leksehjelp, fordelt på 1. til 4. trinnet.
  • Undervisningstimetalet blir foreslått utvida med éin veketime for 1. til 7. trinnet. Saman med auka satsing på leksehjelp skal det sikre tidleg innsats overfor dei yngste elevane og bidra til meir læring i skulen. Løyvinga til kommunane blir foreslått styrkt med 236 millionar kroner for å gjennomføre desse tiltaka. Den samla løyvinga til offentlege og private skular til desse tiltaka er på 241 millionar kroner.
  • For å styrkje kulturtilbodet og kulturskuletilbodet for 1. til 4. trinnet blir det foreslått å løyve 40 millionar kroner som skal fordelast til kommunar og organisasjonar.
  • Investeringsramma for rentekompensasjonsordninga for skule- og symjeanlegg blir foreslått auka med 2 milliardar kroner i 2010.
  • For å få fleire til å fullføre vidaregåande skule blir det foreslått å løyve 58 millionar kroner til tiltak som skal rettast mot elevar med svake resultat på kartleggingsprøvar og til utprøving av eit nytt praktisk fag på ungdomstrinnet.
  • Auken på 200 millionar kroner i lærlingtilskot frå 2009 blir foreslått ført vidare i 2010.
  • Toppidrettstilskotet blir foreslått styrkt med 10 millionar kroner. 

Frå 2008 til 2010 er skuledagen utvida med åtte veketimar som er fordelte på 1. til 7. trinnet. I 2010 blir det foreslått at skuledagen òg blir utvida med åtte leksehjelpstimar.

 

Høgare utdanning og forsking

- Regjeringa ønskjer ei brei og vidareført satsing på viktige område innanfor høgare utdanning og forsking. Fleire nye studieplassar, auke av forskingsfondet til langsiktig investering i forskingsutstyr og prioritering av forsking på klimautfordringar er signalsaker i årets budsjettforslag, seier statsråd Tora Aasland. 

Høgare utdanning

  • Fleire studieplassar

For å styrkje den langsiktige kunnskapsutviklinga i samfunnet og auke utdanningskapasiteten ved prioriterte profesjonsutdanningar blei det i samband med revidert nasjonalbudsjett 2009 løyvd 96,6 millionar kroner til å opprette 3000 nye studieplassar. Dei fleste av studieplassane er fleirårige. Regjeringa foreslår å vidareføre den auka opptakskapasiteten i 2010. I tillegg blir det oppretta om lag 2600 nye studieplassar til i alt 5600 fleire studieplassar frå hausten 2010. Samla medfører forslaget ein løyvingsauke til universiteta og høgskulane på 291,2 millionar kroner i 2010. I tillegg kjem utgiftene til utdanningsstøtte gjennom Lånekassen. Regjeringa foreslår òg å vidareføre satsinga på desentralisert utdanning, etter- og vidareutdanning og fagskular. 

Andre satsingar:

  • Det blir foreslått å løyve 50 millionar kroner til ulike samarbeidsprosessar i universitets- og høgskulesektoren i 2010.
  • Det skal byggjast fleire studentbustader, og det blir foreslått 1000 nye hybeleiningar i 2010.
  • Lærarutdanningane skal styrkjast med 100 millionar kroner i 2010. Det skal mellom anna gå til ny grunnskulelærarutdanning.
  • Det blir foreslått etablert ei trafikkflygarutdanning ved Universitetet i Tromsø, og det blir løyvd 13,5 millionar kroner til det.
  • Byggjeprosjekt som har fått løyving tidlegare, blir vidareførte i 2010 med vel 1 milliard kroner. 

Forsking

Regjeringsforslaget til statsbudsjett inneber offentlege investeringar i forsking og utvikling på om lag 23,6 milliardar kroner. Det tilsvarer ein nominell vekst på 1,7 milliardar kroner frå det salderte budsjettet for 2009. Offentleg finansiert forsking og utvikling (FoU), inkludert Skattefunn, utgjer 0,97 prosent av BNP i 2010 (i tråd med forskingsmeldinga Klima for forsking). Det er mykje høgare enn tidlegare år. Utan Skattefunnordninga utgjer FoU 0,92 prosent av BNP. 

Utvalde satsingar:

  • Kapitalen i forskingsfondet blir foreslått auka med 5 milliardar kroner i 2010 til 77 milliardar kroner. Regjeringa foreslo i 2009 å øyremerkje avkastinga av 4 milliardar kroner i auka kapital i fondet for forsking og nyskaping til forskingsinfrastruktur. Det vil frå og med 2010 gi om lag 140 millionar kroner til forskingsinfrastruktur. Regjeringa har gått inn for at to tredjedelar av den nye kapitalen i forskingsfondet også i 2010 skal øyremerkjast infrastruktur. Dersom renta held seg på same nivået som i dag, vil auken i forskingsfondet gi ei årleg løyving til dette formålet på ytterlegare 140 millionar kroner frå og med 2011. Det vil seie at den delen av fondsavkastinga som er øyremerkt infrastruktur, blir dobla frå og med 2011 – frå 140 til 280 millionar kroner.
  • 2010 er første året med avkasting frå dei regionale forskingsfonda. Avkastinga på 212 millionar kroner vil bli brukt til forsking over heile landet.
  • Klimaforskinga blir styrkt med 350 millionar kroner, 300 millionar kroner av dei til forsking på fornybare energikjelder, karbonfangst og ‑lagring, og 50 millionar kroner til anna klimaforsking. Delar av løyvinga vil dekkje etableringa av eit internasjonalt klimaforskingssenter i Bergen.
  • Stipendiat- og nærings-ph.d.-stillingane som blei oppretta i samband med regjeringa sin tiltakspakke i februar 2009, blir ført vidare med 72,7 millionar kroner.  

Kompetansen til vaksne

  • Regjeringa ønskjer at vaksne som treng meir opplæring i grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving, rekning og IKT-bruk, skal få høve til det. Det blir derfor foreslått å løyve 79,8 millionar kroner til Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA). Gjennom regjeringa sin krisepakke i januar og det reviderte budsjettet i mai blei løyvinga til det formålet dobla, frå 38,6 millionar til 78,6 millionar kroner. Det same høge nivået blir foreslått vidareført og prisjustert i 2010. 
  • Regjeringa har sett av inntil 7 millionar for at utvalde fylkeskommunar skal utvikle fleksible opplæringstilbod som gjer at arbeidsledige kan fullføre og formalisere kompetansen sin, også etter at dei er komne tilbake i jobb.

Nytt kunnskapssenter for utdanning frå 2011
Regjeringa foreslår å etablere eit kunnskapssenter for utdanning frå 1. januar 2011. Noregs forskingsråd får i oppdrag å etablere senteret, og det blir sett av 2 millionar kroner frå hausten 2010 til å førebu opprettinga.

Kunnskapssenteret skal samanstille og formidle resultat frå norsk og internasjonal utdanningsforsking. Det skal òg vere ei oppgåve for senteret å identifisere hòl i kunnskapsgrunnlaget og kommunisere behovet for ny forsking til Noregs forskingsråd, forskingsmiljøa og til den sentrale utdanningsadministrasjonen.