Historisk arkiv

100‐år med forsøk og foredling av frukt og bær

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Statens forsøksgard for fruktdyrking på Njøs starta opp aktiviteten i 1920 og har sidan vore eit sentralt fagmiljø innan frukt og bær i Noreg. Opp gjennom åra er det kome mange innovasjonar herifrå som har vist seg viktige for norsk frukt‐ og bærnæring.

Arbeidet på Njøs som har vore sentralt heilt frå starten, er arbeid med sortar, grunnstammer og arter innan frukt og bær. Det er prøvd ut og dokumentert fleire tusen sortar gjennom dei hundre åra stasjonen har hatt aktivitet innan dette fagfeltet. Pæresorten Celina er eit eksempel på suksesshistoriar frå arbeidet på Njøs.

Frå 1992 har kjerneaktivitetane vore sortsforedling og bærforsking med fokus på bringebær.

Bringebær.
Statens forsøksgard for fruktdyrking på Njøs er eit sentralt fagmiljø innan frukt og bær i Noreg. Foto: Colourbox