Statsbudsjettet 2024

1,07 milliardar kroner meir i frie inntekter til Nordland neste år

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 6,4 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2024.

Veksten er fordelt med om lag 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Den foreslåtte veksten er høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Det kjem av at anslaget for meirkostnader til pensjon no er høgare. Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen at veksten kunne ende opp utanfor det varsla intervallet dersom meirkostnader til demografi og pensjon vart annleis. Regjeringa har dermed heldt sin lovnad.

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løyse for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom til utbygging av tenestetilbodet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Nordland fylke og den nominelle veksten frå 2023 til 2024. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2023. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 milliardar kroner er medrekna.

For å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2024 og nominell vekst frå 2023 til 2024

 

Anslag på
frie
inntekter
2024
(1000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2023 - 2024

Kommune

 

Nominelle
kroner
(1000 kr)

Prosent

 

1

2

3

1804 Bodø

3 659 283

177 370

5,1

1806 Narvik

1 603 048

68 588

4,5

1811 Bindal

140 447

4 203

3,1

1812 Sømna

173 337

5 205

3,1

1813 Brønnøy

621 485

30 007

5,1

1815 Vega

119 211

4 599

4,0

1816 Vevelstad

66 215

5 933

9,8

1818 Herøy

165 018

7 052

4,5

1820 Alstahaug

549 014

30 399

5,9

1822 Leirfjord

205 729

7 147

3,6

1824 Vefsn

992 548

57 521

6,2

1825 Grane

138 529

5 094

3,8

1826 Hattfjelldal

132 278

7 365

5,9

1827 Dønna

141 055

6 543

4,9

1828 Nesna

152 519

6 067

4,1

1832 Hemnes

367 802

17 487

5,0

1833 Rana

1 834 432

80 483

4,6

1834 Lurøy

231 842

11 271

5,1

1835 Træna

59 549

3 242

5,8

1836 Rødøy

127 791

4 001

3,2

1837 Meløy

498 621

16 297

3,4

1838 Gildeskål

178 384

6 047

3,5

1829 Beiarn

111 873

6 938

6,6

1840 Saltdal

383 025

22 838

6,3

1841 Fauske

673 761

25 329

3,9

1845 Sørfold

172 257

5 424

3,3

1848 Steigen

234 255

10 877

4,9

1851 Lødingen

188 447

8 528

4,7

1853 Evenes

124 222

4 159

3,5

1856 Røst

59 916

3 651

6,5

1857 Værøy

81 870

4 066

5,2

1859 Flakstad

112 956

3 331

3,0

1860 Vestvågøy

846 363

32 705

4,0

1865 Vågan

725 439

35 190

5,1

1866 Hadsel

642 294

29 236

4,8

1867 Bø

263 270

9 865

3,9

1868 Øksnes

350 864

14 258

4,2

1870 Sortland

772 855

34 589

4,7

1871 Andøy

358 664

11 883

3,4

1874 Moskenes

97 126

5 018

5,4

1875 Hamarøy

256 353

8 817

3,6

Til fordeling gjennom året

70 800

 

 

Nordland

18 684 748

838 624

4,7

       

Nordland fylkeskommune

6 468 674

 233 384

3,7

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2024, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2023 til anslag for 2024 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.