Statsbudsjettet 2023

1,16 milliardar kroner meir i frie inntekter til Vestfold og Telemark neste år

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 2,6 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2023.

Veksten er fordelt med om lag 1,7 milliardar kroner til kommunane og 0,9 milliardar kroner til fylkeskommunane.

På grunn av den økonomiske situasjonen legg ikkje regjeringa opp til stor inntektsvekst i kommunane neste år utover det som er nødvendig for å dekke høge demografikostnader som følgje av mellom anna mange flyktningar frå Ukraina.

− Vi prioriterer kommunane, men også kommunane vil merke at det er eit stramt budsjett.  Heldigvis er mange kommunane godt rusta til å handtere utfordringane og gje innbyggjarane sine gode tenester også neste år. Samstundes er det store variasjonar mellom ulike kommunar og for nokre vil det kunne verte meir krevjande enn for andre, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vestfold og Telemark og den nominelle veksten frå 2022 til 2023. Vi tar utgangspunkt i eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2022, der det er tatt omsyn til at skatteanslaget er auka med 2,4 milliardar kroner etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2022.

For å gjere inntektsnivået i 2022 samanliknbart med inntektsnivået i 2023, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Mellombelse, ekstraordinære skatteinntekter på 14 milliardar kroner og løyvingane i samband med koronapandemien, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2022.

Trekket i samla rammetilskot for kommunesektoren på 3 milliardar kroner i 2023 grunngitt med ekstraordinære inntekter frå konsesjonskraft påverkar ikkje berekna vekst for kommunar og fylkeskommunar, sidan det er et eittårig trekk.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2023 og nominell vekst frå 2022 til 2023

 

Anslag på

Vekst frå anslag

 

frie

på rekneskap 2022 - 2023

Kommune

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2023

kroner

 
 

(1000 kr)

(1000 kr)

 

 

1

2

3

       

3801 Horten

1 748 905

58 394

3,5

3802 Holmestrand

1 651 715

71 652

4,5

3803 Tønsberg

3 702 520

123 164

3,4

3804 Sandefjord

4 169 952

170 071

4,3

3805 Larvik

3 129 251

108 989

3,6

3806 Porsgrunn

2 313 015

82 426

3,7

3807 Skien

3 529 705

117 495

3,4

3808 Notodden

883 921

26 203

3,1

3811 Færder

1 801 729

62 761

3,6

3812 Siljan

161 880

5 814

3,7

3813 Bamble

923 640

33 030

3,7

3814 Kragerø

692 084

20 007

3,0

3815 Drangedal

302 992

10 257

3,5

3816 Nome

451 328

13 417

3,1

3817 Midt-Telemark

717 465

25 359

3,7

3818 Tinn

410 404

11 831

3,0

3819 Hjartdal

130 825

3 116

2,4

3820 Seljord

217 017

5 542

2,6

3821 Kviteseid

188 504

9 320

5,2

3822 Nissedal

129 012

4 855

3,9

3823 Fyresdal

110 706

5 095

4,8

3824 Tokke

176 798

5 029

2,9

3825 Vinje

291 995

10 282

3,6

Til fordeling gjennom året

15 200

 

 

Vestfold og Telemark

27 850 567

981 909

3,7

       

Vestfold og Telemark fylkeskommune

5 823 836

177 785

3,1

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2023, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2022 til anslag for 2023 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no