1,40 milliardar kroner meir i frie inntekter til Trøndelag neste år

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 2,6 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2023.

Veksten er fordelt med om lag 1,7 milliardar kroner til kommunane og 0,9 milliardar kroner til fylkeskommunane.

På grunn av den økonomiske situasjonen legg ikkje regjeringa opp til stor inntektsvekst i kommunane neste år utover det som er nødvendig for å dekke høge demografikostnader som følgje av mellom anna mange flyktningar frå Ukraina.

− Vi prioriterer kommunane, men også kommunane vil merke at det er eit stramt budsjett.  Heldigvis er mange kommunane godt rusta til å handtere utfordringane og gje innbyggjarane sine gode tenester også neste år. Samstundes er det store variasjonar mellom ulike kommunar og for nokre vil det kunne verte meir krevjande enn for andre, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (sp).

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Trøndelag og den nominelle veksten frå 2022 til 2023. Vi tar utgangspunkt i eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2022, der det er tatt omsyn til at skatteanslaget er auka med 2,4 milliardar kroner etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2022.

For å gjere inntektsnivået i 2022 samanliknbart med inntektsnivået i 2023, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Mellombelse, ekstraordinære skatteinntekter på 14 milliardar kroner og løyvingane i samband med koronapandemien, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2022.

Trekket i samla rammetilskot for kommunesektoren på 3 milliardar kroner i 2023 grunngitt med ekstraordinære inntekter frå konsesjonskraft påverkar ikkje berekna vekst for kommunar og fylkeskommunar, sidan det er et eittårig trekk.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2023 og nominell vekst frå 2022 til 2023

 

Anslag på

Vekst frå anslag

 

frie

på rekneskap 2022 - 2023

Kommune

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2023

kroner

 
 

(1000 kr)

(1000 kr)

 

 

1

2

3

       

5001 Trondheim

12 523 375

396 445

3,3

5006 Steinkjer

1 640 776

64 555

4,1

5007 Namsos

1 090 789

33 797

3,2

5014 Frøya

486 725

-1 177

-0,2

5020 Osen

89 191

2 817

3,3

5021 Oppdal

477 307

23 306

5,1

5022 Rennebu

184 138

4 881

2,7

5025 Røros

378 512

11 397

3,1

5026 Holtålen

153 000

4 181

2,8

5027 Midtre Gauldal

435 614

16 817

4,0

5028 Melhus

1 113 323

34 837

3,2

5029 Skaun

562 628

16 844

3,1

5031 Malvik

918 228

42 510

4,9

5032 Selbu

295 175

12 037

4,3

5033 Tydal

75 872

3 884

5,4

5034 Meråker

185 911

7 140

4,0

5035 Stjørdal

1 545 174

53 623

3,6

5036 Frosta

190 602

5 176

2,8

5037 Levanger

1 316 925

41 577

3,3

5038 Verdal

968 711

37 579

4,0

5041 Snåsa

170 504

8 202

5,1

5042 Lierne

134 160

4 321

3,3

5043 Røyrvik

57 502

1 863

3,3

5044 Namsskogan

97 681

4 237

4,5

5045 Grong

191 389

5 849

3,2

5046 Høylandet

120 627

2 569

2,2

5047 Overhalla

283 803

7 736

2,8

5049 Flatanger

105 418

5 009

5,0

5052 Leka

67 638

3 078

4,8

5053 Inderøy

493 404

13 641

2,8

5054 Indre Fosen

703 301

23 328

3,4

5055 Heim

455 550

14 760

3,3

5056 Hitra

371 961

17 484

4,9

5057 Ørland

731 921

33 716

4,8

5058 Åfjord

349 467

15 559

4,7

5059 Orkland

1 272 432

43 681

3,6

5060 Nærøysund

727 570

23 661

3,4

5061 Rindal

152 456

6 260

4,3

Til fordeling gjennom året

73 110

 

 

Trøndelag

31 191 869

1 048 530

3,5

       

Trøndelag fylkeskommune

7 646 344

353 068

4,8

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2023, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2022 til anslag for 2023 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no