Historisk arkiv

15 millionar kroner til tiltak mot spelproblem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa har fordelt 15 millionar kroner av overskotet frå Norsk Tipping til tiltak mot spelproblem i 2018.Tiltaka skal førebyggje spelproblem knytt til dataspel og pengespel.

- Kunnskap og forsking er viktig i kampen mot spelproblem i samfunnet. Det nye kompetansesenteret for forsking som er etablert ved Universitet i Bergen vil vere eit nav for å samle kunnskap og forsking på feltet. To millionar kroner er sett av til dette senteret i 2018. Vi vil óg vidareføre innsatsen som skjer i offentlege verksemder og private støttegrupper for spelavhengige, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland. 

Norges forskningsråd skal lyse ut fire millionar kroner til ulike forskingsprosjekt i regi av Handlingsplanen for spilleavhengige. Som ledd i kunnskapsformidlinga vil departementet løyve om lag 700 000 kroner. Pengane skal gå til samlingar for m.a. forskarar, aktørar i spelbransjen og dataspel. 

Informasjonsarbeid er eit anna viktig tiltak for å førebyggje spelproblem. Lotteritilsynet og Medietilsynet får tilskot for å vidareføre informasjonskampanjen "Snakk om spill" som er retta mot barn og ungdom. Totalt er det sett av om lag 2,2 millionar til ulike informasjonstiltak. 

Helsedirektoratet får 3,5 millionar kroner til behandlingstilbod og førebyggjande arbeid i helsetenesta. Løyvinga omfattar Hjelpelinja for spillavhengige og 2 millionar kroner til frivillige organisasjonar som er engasjert i arbeidet mot spelproblem.