Statsbudsjettet 2024

1,86 milliardar kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 6,4 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2024.

Veksten er fordelt med om lag 5,1 milliardar kroner til kommunane og 1,3 milliardar kroner til fylkeskommunane.

Den foreslåtte veksten er høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Det kjem av at anslaget for meirkostnader til pensjon no er høgare. Regjeringa varsla i kommuneproposisjonen at veksten kunne ende opp utanfor det varsla intervallet dersom meirkostnader til demografi og pensjon vart annleis. Regjeringa har dermed heldt sin lovnad.

– For å lykkast med dei krevjande og viktige oppgåvene kommunane skal løyse for å gi folk ein betre kvardag, gir vi kommunane ein god og føreseieleg økonomi. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til å gi noko auka handlingsrom til utbygging av tenestetilbodet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Rogaland fylke og den nominelle veksten frå 2023 til 2024. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2023. Det inneber at oppjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 4,1 milliardar kroner er medrekna.

For å gjere inntektsnivået i 2023 samanliknbart med inntektsnivået i 2024, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2024 og nominell vekst frå 2023 til 2024

 

Anslag på
frie
inntekter
2024
(1000 kr)

Vekst frå anslag
på rekneskap 2023 - 2024

Kommune

 

Nominelle
kroner
(1000 kr)

Prosent

 

1

2

3

1101 Eigersund

1 059 232

49 387

4,9

1103 Stavanger

10 413 812

421 765

4,2

1106 Haugesund

2 563 837

105 222

4,3

1108 Sandnes

5 691 596

247 256

4,5

1111 Sokndal

266 665

9 507

3,7

1112 Lund

252 936

8 636

3,5

1114 Bjerkreim

217 971

10 177

4,9

1119 Hå

1 363 416

50 963

3,9

1120 Klepp

1 397 551

64 660

4,9

1121 Time

1 375 859

59 495

4,5

1122 Gjesdal

874 033

36 755

4,4

1124 Sola

2 035 006

81 106

4,2

1127 Randaberg

819 781

36 305

4,6

1130 Strand

951 338

44 645

4,9

1133 Hjelmeland

227 626

6 941

3,1

1134 Suldal

332 044

19 495

6,2

1135 Sauda

359 394

15 237

4,4

1144 Kvitsøy

63 003

2 750

4,6

1145 Bokn

81 447

2 921

3,7

1146 Tysvær

867 898

47 447

5,8

1149 Karmøy

2 935 922

134 258

4,8

1151 Utsira

42 730

2 336

5,8

1160 Vindafjord

681 527

25 473

3,9

Til fordeling gjennom året

16 400

 

 

Rogaland

34 891 023

1 484 138

4,4

       

Rogaland fylkeskommune

7 707 012

376 175

5,1

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2024, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2023 til anslag for 2024 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane og fylkeskommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.