19 millionar til Lærdal etter brannen

Kommunar som råkast av naturskade og andre ekstraordinære hendingar, får vanlegvis kompensasjon for utgifter knytt til handteringa av den akutte krisesituasjonen, og til reparasjonar av øydelagd kommunal infrastruktur.

Lærdal kommune får no tildelt 6,1 millionar kroner til  opprydding og til reparasjonar av øydelagd kommunal infrastruktur. Dette kjem i tillegg til dei 4,9 millionar kr som kommunen allereie har fått tildelt til brannslukking og handtering av den akutte krisesituasjonen. Til saman får kommunen 11 millionar kroner til desse føremåla.

Grunna omfanget av brannen, og dei store utfordringane kommunen vil ha innan planlegging og psykososialt arbeid etter brannen vil kommunen og få tildelt 3 millionar kroner i særskild leiar- og kompetansestøtte. 

Lærdal har status som omstillingskommune. I statsbudsjettet for 2015 vil departementet auke løyvinga av omstillingsmidlar til Sogn og Fjordane fylkeskommune med 5 millionar kroner, og desse midla skal vere øyremerka Lærdal kommune.

Til saman vil Lærdal få tildelt 19 millionar kroner i samband med brannen.