47 millionar til norskopplæring for innvandrarar

Målretta og fleksibel norskopplæring til ukrainarar og andre innvandrarar skal få fleire i jobb. Regjeringa forventar at folk som kjem til Noreg får jobb raskt for å kunne forsørge seg sjølv.

– For at fleire innvandrarar skal kome ut i jobb eller få stabil tilknyting til arbeid, er det avgjerande at dei lærer seg norsk. Derfor støttar vi opp om fleksibel norskopplæring, som gjer at fleire lærer norsk på kortare tid. Ordninga fungerer svært bra, og derfor vil vi fortsette det viktige arbeidet, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Tilskotsordninga skal bidra til at deltakarane på sikt når eit sjølvstendig nivå i norsk (B1 eller høgare). Målgruppa er innvandrarar som anten har brukt opp eller som ikkje har rett til norskopplæring etter integreringslova, og som treng å bli betre i norsk.  

Mange av deltakarane i ordninga er arbeidsinnvandrarar som kan noko norsk, men som treng å læra meir på kort tid. Også ukrainarar er omfatta av ordninga.

Mottakarane av tilskot er godkjende private og offentlege tilbydarar av norskopplæring som gjennom ordninga kan søke om tilskot på inntil 10 000 per deltakar. Satsen skal dekke 80-100 timar gratis opplæring per deltakar. Ein kan også søkje om tilskot i samarbeid med arbeidsgivarar eller frivillige organisasjonar. IMDi forvaltar ordninga.