5,5 millionar kroner i bonus til NSB Gjøvikbanen

NSB Gjøvikbanen viste i fjor svært gode resultat i talet på reisande og fekk derfor ein bonus på 5,5 millionar kroner i 2013. Bonusordninga er ein del av trafikkavtalen NSB Gjøvikbanen har med Samferdselsdepartementet.

NSB Gjøvikbanen viste i fjor svært gode resultat i talet på reisande og fekk derfor ein bonus på 5,5 millionar kroner i 2013. Bonusordninga er ein del av trafikkavtalen NSB Gjøvikbanen har med Samferdselsdepartementet.

 I 2013 nådde NSB Gjøvikbanen ein regularitet på 99,5 prosent, og banen hadde meir enn 320 000 passasjerar i høve til  kravet for å få bonus.

- Det er stort engasjement for Gjøvikbanen for tida, og NSB Gjøvikbanen viser med desse resultata at ein driv jernbanen fantastisk godt. I februar var det ein kort periode med frustrasjon og  stans på lina som følgje av feil og reparasjon på togmateriellet. Totalbiletet for NSB Gjøvikbanen er likevel eit selskap som får svært mykje ut av ein bane som vi alle kan vere samde om at både har aldrande materiell og ei tilårskomen linje, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Trafikkavtalen Samferdselsdepartementet har med NSB Gjøvikbanen inneheld ei bonus/malus-ordning der selskapet får utbetalt bonus om ein når krava til auke i tal på passasjerar, og må betale bøter om planlagde togavgangar vert innstilt. Denne rekneskapet vert gjort opp årleg.

16 prosent auke i  talet på passasjerar
78 avgangar vart innstillt, og togselskapet måtte betale 780 000 kroner i bot, 10 000 kroner per innstilling. Dei høge passasjertala og det gode tilbodet fører på den andre sida til at selskapet får ein bonus på 5,5 millionar kroner.

I perioden 2007-2013 har NSB Gjøvikbanen betalt 10, 8 millionar kroner (løpande) i bot, mens bonusutbetalinga har vore på til saman 27,0 millionar kroner (løpande) i same periode. Veksten i tal på passasjerar har vore på totalt 16 prosent i perioden.

- Tala fortel meg at med dei riktige ”gulrøtene” i ein avtale om persontransport med tog, vil leverandøren finne gode og effektive tiltak for å yte eit godt togtilbod i tråd med krava som er sett i avtalen, både for å minimere og unngå bøter og for å nå høgast mogleg bonus, seier samferdselsministeren.

Gjøvikbanen (Oslo-Gjøvik) er Noregs einaste konkurranseutsette togstrekning på persontransport. Samferdselsdepartementet gjekk inn avtale med NSB Gjøvikbanen om drift av persontransport på strekninga i 2004.