72,5 millionar til førebygging av vald og overgrep

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Denne veka mottek 39 organisasjonar og kommunar samla 72,5 millionar kroner til ulike tiltak for å førebygge vald og overgrep og ta vare på valdsutsette vaksne og barn.

– Vald og overgrep er alvorleg kriminalitet og ein trussel mot helsa og oppveksten til barn. Det fremste målet for regjeringa er difor å hindre at vald i nære relasjonar skjer. Effektiv førebygging kan redusere behovet for meir inngripande tiltak seinare. Og det kan spare einskildindivid og samfunnet for store kostnadar – både menneskelege og økonomiske, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Ein større del av pengane som no delast ut kjem frå tilskotsordninga «Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep». Målet med ordninga er å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje livskvaliteten til dei som er eller har vore utsette. Samla får no 33 ulike tiltak og prosjekt tildelt 23,8 millionar kroner. Tilskota går både til drift av organisasjonar og utviklings- og prosjektarbeid. Tilskota går også til kommunar som ønskjer å styrke krisesentertilbodet til særleg utsette grupper.

- Dei ulike tiltaka og prosjekta som får tilskot utgjer ein viktig del av arbeidet med førebygging av vald og overgrep. Ikkje minst er dei innovative prosjekta, som rettar seg inn mot grupper som det kan vere utfordrande å nå, svært viktige. Offentlege styresmakter og frivillige organisasjonar må jobbe saman i arbeidet med å både førebygge og ta vare på dei som har vore utsette for vald og overgrep. Fleire organisasjonar gjer ein uvurderleg innsats i dette arbeidet.

-  Dei som er utsett for vald og overgrep er blant dei som har hatt dei største belastningane under koronapandemien. Derfor har også Regjeringa prioritert å styrke tiltak retta mot denne gruppa, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Prosjekt retta mot samisk befolkning får 7,2 millionar

Eitt av tiltaka som i år får prosjektmidlar er eit urfolksprosjekt i regi av stiftelsen Alternativ til Vold (ATV) som er tildelt 2,4 mill. kroner årleg i tre år. Prosjektet går ut på å utvikle kulturspesifikk metodikk retta mot den samiske befolkninga. Nasjonalt samisk kompetansesenter for kommunalt og statleg barnevern, familievern og krisesentertilbodet (NASAK) vil også bli knytt til prosjektet.

I tillegg til midlane utdelt gjennom tilskotsordninga har Bufdir tildelt øyremerka driftstilskot til seks organisasjonar på om lag 48,7 mill. kroner (på BFDs budsjett), der det største enkeltbeløpet er til Stine Sofie senteret med om lag 36 mill. kroner i tilskot. Senteret er eit kurs- og meistringssenter for valds- og overgrepsutsette barn og unge.

Opptrappingsplan om vald og overgrep

Barne- og familieministeren seier regjeringa prioriterer innsatsen mot vald og overgrep høgt.

- I Hurdalsplattforma slår vi fast at regjeringa vil leggje fram ein opptrappingsplan om vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Vald i nære relasjonar må prioriterast høgare i heile straffesakskjeda. Vi er i gang med å vurdere korleis arbeidet best kan følgjast opp i tett samarbeid med mellom anna Justis- og beredskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, seier Toppe.

Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som forvaltar ordninga og oversikten over tildelingane finn du på Bufdir sine nettsider.