822 millionar kroner meir i frie inntekter til Nordland neste år

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 2,6 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2023.

Veksten er fordelt med om lag 1,7 milliardar kroner til kommunane og 0,9 milliardar kroner til fylkeskommunane.

På grunn av den økonomiske situasjonen legg ikkje regjeringa opp til stor inntektsvekst i kommunane neste år utover det som er nødvendig for å dekke høge demografikostnader som følgje av mellom anna mange flyktningar frå Ukraina.

− Vi prioriterer kommunane, men også kommunane vil merke at det er eit stramt budsjett.  Heldigvis er mange kommunane godt rusta til å handtere utfordringane og gje innbyggjarane sine gode tenester også neste år. Samstundes er det store variasjonar mellom ulike kommunar og for nokre vil det kunne verte meir krevjande enn for andre, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Nordland fylke og den nominelle veksten frå 2022 til 2023. Vi tar utgangspunkt i eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2022, der det er tatt omsyn til at skatteanslaget er auka med 2,4 milliardar kroner etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2022.

For å gjere inntektsnivået i 2022 samanliknbart med inntektsnivået i 2023, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Mellombelse, ekstraordinære skatteinntekter på 14 milliardar kroner og løyvingane i samband med koronapandemien, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2022.

Trekket i samla rammetilskot for kommunesektoren på 3 milliardar kroner i 2023 grunngitt med ekstraordinære inntekter frå konsesjonskraft påverkar ikkje berekna vekst for kommunar og fylkeskommunar, sidan det er et eittårig trekk.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2023 og nominell vekst frå 2022 til 2023

 

Anslag på

Vekst frå anslag

 

 

frie

på rekneskap 2022 - 2023

 

Kommune

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2023

kroner

 
 

(1000 kr)

(1000 kr)

 

 

1

2

3

       

1804 Bodø

3 376 615

134 911

4,2

1806 Narvik

1 494 923

47 053

3,2

1811 Bindal

129 956

5 270

4,2

1812 Sømna

163 867

4 016

2,5

1813 Brønnøy

549 526

15 141

2,8

1815 Vega

107 603

2 695

2,6

1816 Vevelstad

58 446

2 242

4,0

1818 Herøy

153 591

8 170

5,6

1820 Alstahaug

504 907

20 605

4,3

1822 Leirfjord

193 000

6 897

3,7

1824 Vefsn

905 683

27 540

3,1

1825 Grane

130 425

6 054

4,9

1826 Hattfjelldal

121 862

4 858

4,2

1827 Dønna

127 025

4 070

3,3

1828 Nesna

139 871

3 456

2,5

1832 Hemnes

339 772

12 165

3,7

1833 Rana

1 710 573

60 854

3,7

1834 Lurøy

215 699

4 112

1,9

1835 Træna

55 695

2 297

4,3

1836 Rødøy

121 635

2 533

2,1

1837 Meløy

469 411

12 716

2,8

1838 Gildeskål

167 202

3 900

2,4

1829 Beiarn

102 046

6 054

6,3

1840 Saltdal

349 252

12 305

3,7

1841 Fauske

631 789

22 268

3,7

1845 Sørfold

164 980

4 814

3,0

1848 Steigen

214 941

8 196

4,0

1851 Lødingen

175 309

5 067

3,0

1853 Evenes

117 999

2 704

2,3

1856 Røst

56 498

1 278

2,3

1857 Værøy

77 266

1 888

2,5

1859 Flakstad

106 937

2 497

2,4

1860 Vestvågøy

790 103

22 429

2,9

1865 Vågan

663 877

26 805

4,2

1866 Hadsel

575 298

22 161

4,0

1867 Bø

226 400

6 863

3,1

1868 Øksnes

324 600

17 007

5,5

1870 Sortland

713 709

32 078

4,7

1871 Andøy

337 047

9 036

2,8

1874 Moskenes

89 220

1 969

2,3

1875 Hamarøy

242 567

8 103

3,5

Til fordeling gjennom året

70 800

 

 

Nordland

17 267 925

602 878

3,6

       

Nordland fylkeskommune

 6 081 551

 218 764

3,7

         

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2023, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2022 til anslag for 2023 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no