952 millionar kroner meir i frie inntekter til Agder neste år

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 2,6 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2023.

Veksten er fordelt med om lag 1,7 milliardar kroner til kommunane og 0,9 milliardar kroner til fylkeskommunane.

På grunn av den økonomiske situasjonen legg ikkje regjeringa opp til stor inntektsvekst i kommunane neste år utover det som er nødvendig for å dekke høge demografikostnader som følgje av mellom anna mange flyktningar frå Ukraina.

− Vi prioriterer kommunane, men også kommunane vil merke at det er eit stramt budsjett.  Heldigvis er mange kommunane godt rusta til å handtere utfordringane og gje innbyggjarane sine gode tenester også neste år. Samstundes er det store variasjonar mellom ulike kommunar og for nokre vil det kunne verte meir krevjande enn for andre, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Agder og den nominelle veksten frå 2022 til 2023. Vi tar utgangspunkt i eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2022, der det er tatt omsyn til at skatteanslaget er auka med 2,4 milliardar kroner etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2022.

For å gjere inntektsnivået i 2022 samanliknbart med inntektsnivået i 2023, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Mellombelse, ekstraordinære skatteinntekter på 14 milliardar kroner og løyvingane i samband med koronapandemien, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2022.

Trekket i samla rammetilskot for kommunesektoren på 3 milliardar kroner i 2023 grunngitt med ekstraordinære inntekter frå konsesjonskraft påverkar ikkje berekna vekst for kommunar og fylkeskommunar, sidan det er et eittårig trekk.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2023 og nominell vekst frå 2022 til 2023

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2023 og nominell vekst frå 2022 til 2023

 

 

Anslag på

Vekst frå anslag

 

 

frie

på rekneskap 2022 - 2023

 

Kommune

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2023

kroner

 
 

(1000 kr)

(1000 kr)

 

 

1

2

3

       

4201 Risør

466 327

14 242

3,2

4202 Grimstad

1 502 388

48 636

3,3

4203 Arendal

2 895 483

99 084

3,5

4204 Kristiansand

7 238 271

262 276

3,8

4205 Lindesnes

1 594 990

54 268

3,5

4206 Farsund

653 122

29 863

4,8

4207 Flekkefjord

641 202

21 849

3,5

4211 Gjerstad

182 274

4 554

2,6

4212 Vegårshei

162 158

4 589

2,9

4213 Tvedestrand

425 281

19 600

4,8

4214 Froland

402 078

13 152

3,4

4215 Lillesand

725 864

21 714

3,1

4216 Birkenes

375 116

14 016

3,9

4217 Åmli

166 989

3 260

2,0

4218 Iveland

114 489

4 866

4,4

4219 Evje og Hornnes

260 159

8 023

3,2

4220 Bygland

103 635

2 381

2,4

4221 Valle

102 132

4 229

4,3

4222 Bykle

99 331

3 031

3,1

4223 Vennesla

991 158

40 135

4,2

4224 Åseral

84 662

2 256

2,7

4225 Lyngdal

755 831

33 806

4,7

4226 Hægebostad

146 211

7 055

5,1

4227 Kvinesdal

435 704

22 682

5,5

4228 Sirdal

162 461

4 485

2,8

Til fordeling gjennom året

18 200

 

 

Agder

20 705 516

743 902

3,7

       

Agder fylkeskommune

4 719 041

 208 116

4,6

         

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2023, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2022 til anslag for 2023 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no