Auka kamp mot søppel i havet

Noreg trappar opp kampen mot forsøpling av havet. Klima- og miljøminister Tine Sundtoft sa i Nairobi i dag at Noreg vil gi seks millionar kroner til internasjonale tiltak for å redusere plastavfallet.

Noreg trappar opp kampen mot forsøpling av havet. Klima- og miljøminister Tine Sundtoft sa i Nairobi i dag at Noreg vil gi seks millionar kroner til internasjonale tiltak for å redusere plastavfallet.

Sundtoft deltar denne veka i miljøforsamlinga i FN sitt miljøprogram (UNEP) i Nairobi i Kenya, saman med om lag 130 andre miljøministrar frå heile verda.

Kvart år døyr ein million sjøfugl som fylgje av søppel i havet. Fugl, fisk og sel svelt i hjel  fordi dei et plasten eller sit fast i den. I magen til sjøfugl finn forskarane plast som fører til at dei døyr.

- Det er mogleg å gjere noko med dette store problemet om berre den politiske viljen er til stades. 80 prosent av plastavfallet ved kysten av Noreg kjem frå land. Meir resirkulering og betre avfallshandtering er viktig, seier Sundtoft.

Søppelet blir spreidd med straumane i havet. Ein er avhengig av eit godt samarbeid mellom landa for å løyse problemet. Noreg fekk i dag også vedtatt ein handlingsplan mot marin forsøpling under Konvensjonen for vern av det marine miljøet i Nordaust- Atlanteren. Her vil også Noreg bistå andre land for å redusere problemet med fiskegarn som blir mista.

Sundtoft viser til at det tek 450 år før ei plastflaske har løyst seg opp og blir brote ned i havet. Plasten ender opp som små plastpartiklar som finn vegen til marine organismar.

- Den aukande mengda av slik mikroplast i havet er alarmerande, seier Sundtoft, og annonserte altså på møtet at Noreg no gir seks millionar kroner til ein studie i regi av UNEP. Den skal finne fram til korleis ein konkret kan redusere mikroplasten i havet.

Sundtoft la også fram eit forslag til vedtak på møtet, med fleire tiltak for å redusere plastforsøplinga. Her blir blant anna alvoret i problemet streka under, og alle land blir oppmoda til samarbeid. Dei blir og oppmoda til å resirkulere meir av plastavfallet. Forslaget blei godt tatt i mot.

I ein rapport laga for UNEP går det fram at plastavfall kvart år fører til skader på det marine økosystemet for 13 milliardar dollar. 

Klima- og miljøministeren deltar denne veka i miljøforsamlinga i FN sitt miljøprogram (UNEP) i Nairobi i Kenya, saman med om lag 130 andre miljøministrar frå heile verda. (Foto: Jon Berg/KLD)
Klima- og miljøministeren deltar denne veka i miljøforsamlinga i FN sitt miljøprogram (UNEP) i Nairobi i Kenya, saman med om lag 130 andre miljøministrar frå heile verda. (Foto: Jon Berg/KLD)