Auka kunnskap om sikker bruk av hest i trafikken

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Det er viktig å betre tryggleiken for dei som bruker hest i trafikken. Å auke kunnskapsnivået om dette hos både ryttar og andre trafikantar, er eit godt tiltak, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet gir Norsk Hestesenter eit tilskot på 210 000 kroner. Tilskotet skal finansiere produksjon av digitalt kurs- og undervisningsmateriell som skal vere med på å auke trafikktryggleiken ved bruk av hest i trafikken.

- Eg set stor pris på engasjementet og initiativet til Norske Hestesenter. Eg håper at dette vil vere med på å auke medvitet rundt temaet, seier Ketil Solvik-Olsen.

- Heldigvis er det svært få trafikkrelaterte ulukker med hest, men det har diverre skjedd fatale ulukker. Ut frå trafikktryggleiksomsyn er det difor eit ønskje at alle trafikantar blir betre til å tilpasse seg kvarandre i dagens trafikkbilete. Eg har tidlegare bedt Vegdirektoratet om å etablere ei arbeidsgruppe som skal sjå nærmare på problemstillingar knytt til bruk av hest i trafikken, seier samferdselsministeren.