E39 Skei i Jølster – Volda: ”Indre trasé” er vald

Regjeringa har fastsett at alternativet ”Indre trasé” skal leggjast til grunn for vidare planlegging av E39-utbygging på strekninga frå Skei i Jølster i Sogn og Fjordane til Volda i Møre og Romsdal.

Regjeringa har fastsett at alternativet ”Indre trasé” skal leggjast til grunn for vidare planlegging av E39-utbygging på strekninga frå Skei i Jølster i Sogn og Fjordane til Volda i Møre og Romsdal.

- Med dette har vi tatt nok eit viktig steg for å sikre god framdrift i arbeidet med ferjefri E39. I desember i fjor fastsette vi at ”Midtre line” skal leggjast til grunn for framtidig E39 mellom Aksdal i Rogaland og Bergen i Hordaland, noko som vil seie at E39 skal krysse Bjørnefjorden med bru mellom Tysnes og Os. I april i år fastsette vi så  hovudløysing for planlegging av framtidig utbygging av E39 på strekninga Volda – Valsøya i Møre og Romsdal, med ferjefri kryssing av Storfjorden, Romsdalsfjorden og Halsafjorden, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- For regjeringa er det svært viktig å få god framdrift i arbeidet med ferjefri E39. Vi lovde rask avklaring av traséval. Det er viktig for å gi klare signal om kvar ein skal planleggje vidare for ny veg, men også for dei områda der ein no får frigitt bandlagt areal som dermed kan disponerast til andre føremål. No er det opp til lokale styresmakter å posisjonere traséane inn mot neste Nasjonal transportplan 2018-2027.

- Dette har vore eit omfattande arbeid. Vi har brukt nødvendig tid til å samle eit breidast mogleg avgjerdsgrunnlag. Fleire nye utgreiingar er gjennomførte, og vi har hatt ei rekkje møte med lokale styresmakter. Eg har sjølv vore på synfaring på dei to alternative traséane og hatt møte med fylkesordførarar, ordførarar, folk og næringsliv. Frå alle har eg fått klare meldingar om kor viktig denne vegen er, seier samferdselsministeren.

- Med denne avgjerda er vi eitt steg nærmare ein ferjefri E39. Det er eit stort lokalt engasjement i denne saka, med gode argument for begge traséar, og avgjerda er blitt grundig diskutert i regjeringa. Det har vore viktig for regjeringa å ta ei avgjerd no, slik at vi kan halde oppe tempoet i arbeidet med ein ferjefri E39, seier statsminister Erna Solberg.

”Indre trasé”: Har lågare  investeringskostnader  
Atlernativet ”Indre trase” omfattar tunnel under Utvikfjellet, innkorting i Stryn og bru over Nordfjorden til Svarstad og så Kvivsvegen vidare til Volda. Strekninga blir 87 kilometer lang og får ei reisetid på om lag 65 minutt.

Indre trasé  er rekna å koste om lag 5,8 milliardar 2013-kroner. Dette er vesentleg lågare investeringskostnader enn ”Midtre Alternativ”, det vil seie bru Anda – Lote (i staden for dagens ferjesamband), veg gjennom Stigedalen og bru over Austefjorden i Volda. Indre trasé kjem også betre ut samfunnsøkonomisk enn ein variant av Midtre alternativ med bru over Voldafjorden, det vil seie ei løysing som er peikt på frå lokalt hald.   

Med val av Indre trasé kan ein få nytte av dei investeringane som alt er gjorde på Kvivsvegen og ved Hjartåberga. Dette alternativet er dessutan fleksibelt og legg godt til rette for etappevis utbygging.  

Samferdselsdepartementet legg til grunn at E39 vil gå over Anda – Lote fram til ny bruløysing er på plass i Indre trasé.

Prioritering av tiltak på strekninga Skei i Jølster – Volda vil bli vurdert nærmare i arbeidet med Nasjonal transportplan 2018-2027.