Priv til red:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Nøtterøy 15. mai

Torsdag 15. mai besøkjer Bent Høie Nøtterøy kommune. Han vitjar Smidsrød helsehus og deltek på kommunen si markering av sine frivillige.

Torsdag 15. mai besøkjer Bent Høie Nøtterøy kommune. Han vitjar Smidsrød helsehus og deltek på kommunen si markering av sine frivillige.

Kl. 15.00-16.10
Program, Smidsrød helsehus, Nøtterøy

Smidsrød helsehus er eit nytt, framtidsretta og moderne helsetilbod til innbyggjarane i Nøtterøy. Kommunen har samla tilbodet om øyeblikkeleg hjelp, lindrande behandling, rehabilitering, langtidsopphald, dagsenter og frisklivssentral under same tak. På sjukepleiarklinikken vert det gitt tilbod til pasientar med blant anna kols, diabetes og kreft. I same hus finst óg fastlegar som kommunen har tilsett.

15.10-15.40 Statsråden får informasjon om tenestene og innovasjonsarbeidet.

15.40-16.00 Statsråden vert vist rundt på helsehuset og møter brukarar og tilsette.

Adresse: Øreveien 7/13, Nøtterøy

Kl. 16.15-16.45
Statsråden deltek på kommunen sin fest for dei frivillige på Sjølystsenteret. Nøtterøy kommune har eit omfattande samarbeid med organisasjonar og enkeltmenneske som jobbar som frivillige hjelparar inn i helse- og omsorgstenestene. Med festen ynskjer kommunen å heidre innsatsen dei gjer for kommunen sine innbyggjarar. Statsråden helsar på dei frivillige.

Adresse: Sjølystsenteret, Nøtterøy

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar båe stader.

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter