Historisk arkiv

Kjøp av klimakvotar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

I september 2013 inngikk staten og det nordiske miljøfinansieringsselskapet NEFCO ein avtale om kjøp av klimakvotar for den andre Kyotoperioden (2013-2020). Avtalen gjeld kjøp av inntil 30 millionar kvotar frå FN-godkjende prosjekt som på grunn av låge kvoteprisar elles hadde stått i fare for å avvikle drifta. NEFCO er no i ferd med å inngå avtalar om levering av om lag 20 millionar kvotar.

I november inviterte NEFCO prosjekteigarar og andre interesserte til å sende inn tilbod på levering av sertifiserte utsleppsreduksjonar (CER) frå slike sårbare prosjekt. Innan fristen for levering av tilbod kom det inn tilbod frå 232 prosjekt.

Klima– og miljødepartementet har etter råd frå NEFCO vedtatt at NEFCO i denne runden kan inngå avtalar om levering av om lag 20 millionar kvotar (tonn CO2-ekvivalentar). NEFCO vil leggje ut melding om einskilde avtalar på sine heimesider. Ein legg opp til å lyse ut ei ny anbodsrunde i midten av september.