Historisk arkiv

Kvinner i landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal har i dag møtt prosjektet "Kvinner, demokrati og deltaking" og fått presentert førebelse resultat frå ei nyleg avslutta spørjeundersøking om utfordringar for kvinner i landbruket.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal har i dag møtt prosjektet "Kvinner, demokrati og deltaking" og fått presentert førebelse resultat frå ei nyleg avslutta spørjeundersøking om utfordringar for kvinner i landbruket.

Prosjektet i regi av Norsk Bonde- og Småbrukarlag har undersøkt kva for utfordringar kvinner som jobbar i landbruket møter i kvardagen, og kva som kan liggje bak næringa sine vanskar med å auke kvinneandelen dei siste tiåra. I møtet la dei fram nye perspektiv som kan styrke arbeidet for større likestilling i næringa og rekruttering av kvinner til landbruket.

Statssekretær Blåfjelldal er imponert over aktivitetane og resultata i prosjektet så langt.

-Vi må få fram dei gode førebileta, og samstundes ta på alvor dei opplevde røynslene kvinnene sit med når dei skal vurder ei framtid i landbruket, seier statssekretær Blåfjelldal.

Kvinner tilfører nye idear og trekkjer inn andre verdiar i drifta, som kan bidra til næringsutvikling, nyskaping og eit løft for økonomien. Berre 14 prosent av hovudbrukarar på gardsbruk er kvinner. Undersøkinga ser på kva som står i vegen for at unge, landbruksinteresserte kvinner skal tre inn i bondeyrket, og kva som kan gjerast for at det skal bli lettare å gjere dette valet.

Tema som vert belyst av undersøkinga er mellom anna lønsemd i næringa, arbeidssituasjon og kontaktnettverk, bondeyrket sett i forhold til familiesituasjon og velferdsordningar. Tilgong på gardsbruk i markedet for dei som vil inn i næringa er og tema. Vidare er det sett på moglegheit for kompetanseheving og kunnskapsutvikling.

To klare hovudutfordringar
Prosjektet peiker på to klare hovudutfordringar. Det er naudsynt å sikre kvinner i landbruket like reelle moglegheiter til å kombinere bondeyrket med barnefødsel. Fødselspersmisjon, økonomi og tilgang på avløysar kan vere orsak til at unge kvinner søkjer seg ut av landbruksnæringa i ein alder der dei elles hadde vore viktige nyskaparar. Det er og naudsynt å gi kvinner som vil inn i næringa betre moglegheiter til etterutdanning og kompetanseutvikling.

Den endelige sluttrapporten kommer til sommeren.

Om prosjektet
Kvinner, demokrati og deltaking er eit 3-årig likestillings- og rekrutteringsprosjekt for landbruket i regi av Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS), med støtte mellom anna frå Landbruks- og matdepartementet. Prosjektet har som mål å synleggjere gode rollemodellar for kvinner i landbruket, bidra til næringsutvikling og rekruttering gjennom sterkare nettverk for kvinnebønder. Prosjektet skal og samle kunnskap om tiltak og verkemiddel for betre kvinnerekruttering.

Prosjektet kom i fjor med boka "Kvinnebønder." Prosjektet profilerer seg gjennom eiga Facebookside (kvinner i landbruket nb-no.facebook.com/kvinnebonde), Twitter(@kvinnebonde) og bloggene www.kvinnebonde.wordpress.com. Ein kortfilm om kvinneinspiratorar vil bli ferdigstilt til sommaren.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal har i dag møtt prosjektet ”Kvinner, demokrati og deltaking”, fra venstre: Ragnhild Duserud frå Bygdeungdomslaget, statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet og prosjektleiar Agnes Walton.
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal har i dag møtt prosjektet ”Kvinner, demokrati og deltaking”, frå venstre: Ragnhild Duserud frå Bygdeungdomslaget, statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet og prosjektleiar Agnes Walton. (Foto: LMD)