Kvote for fangst av vågekval i 2014

Fiskeriministeren har fastsett ein kvote på 1286 dyr for vågekvalfangsten i 2014. Kvoten er den same som for 2013. Det vil også i 2014 vere fri fangst i alle fangstområda.

Fiskeriministeren har fastsett ein kvote på 1286 dyr for vågekvalfangsten i 2014.
Kvoten er den same som for 2013. Det vil også i 2014 vere fri fangst i alle fangstområda.

Kvoten er sett med utgangspunkt i berekningsmodellar utarbeidt av vitskapskomitéen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC). Kvoten gir fullgod sikkerheit for berekraftig fangst av vågekvalbestanden.

- Vi har med dette også i år, fastsett ein kvote som legg til rette for framleis stabilitet og gode rammevilkår i kvalfangstnæringa, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.