Listhaug møtte fylkesmennene

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug har møtt fylkesmennene frå alle fylke i forbindelse med fylkesmannsmøte og vitjing ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug møtte 6. juni fylkesmenn frå alle fylke i forbindelse med at deira fylkesmannsmøte var lagt til Norges miljø- og biovitenskaplige universitet.

I tillegg tok rektor Mari Sundli Tveit med fylkesmennene på ein rundtur på det flotte universitetsområdet, og viste blant anna fram det pågåande restaureringsarbeidet av Urbygningen.

Fylkesmennene fekk også informasjon om planlagte nybyggprosjekt i forbindelse med at veterinærmiljøa flyttar til Ås i 2019.