Ny runde for kjøp av klimakvotar

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet annonserer i dag ei ny runde for kjøp av kvotar med sikte på at staten samla får levert om lag 30 millionar kvotar frå sårbare prosjekt.

Klima- og miljødepartementet annonserer i dag ei ny runde for kjøp av kvotar med sikte på at staten samla får levert om lag 30 millionar kvotar frå sårbare prosjekt. 

Det nordiske miljøfinansieringsselskapet NEFCO forvaltar på vegne av Klima- og miljødepartementet eit program for kjøp av kvotar. Kvotane skal komme frå klimaprosjekt som står i fare for å avvikle drifta fordi dei alminnelege prisane i kvotemarknaden er så låge at dei ikkje dekkar driftskostnader (såkalla sårbare prosjekt).

NEFCO er no i ferd med å inngå dei siste avtalane etter ei anbodsrunde som vart gjennomført tidlegare i år. Ein ventar at desse avtalene vil føre til levering av mellom 15 og 20 millionar kvotar. Ein annonserer i dag ei ny runde for kjøp av kvotar med sikte på at staten samla får levert om lag 30 million kvotar. 

I samsvar med tidlegare praksis ønskjer Noreg å fremje utviklinga av prosjekt i dei minst utvikla landa. Dette målet nådde ein ikkje i første runde. Ein vil derfor opne for ein særskild bolk for kjøp av inntil 5 millionar kvotar frå desse landa. Medan ein for dei alminnelege kjøpa krev at prosjektet allereie er i drift og godkjent av FN, opnar ein for å inngå avtalar om kjøp frå prosjekt som ikkje enno er godkjende av FN. Slike kvotar frå nye prosjekt vil bli kjøpt gjennom eit fond i NEFCO som Noreg har deltatt i sidan 2008.