Ny styreleiar og nestleiar i Helse Midt-Norge RHF

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Ola H. Strand og Paul Steinar Valle er i dag oppnemnde til høvesvis styreleiar og nestleiar i styret for Helse Midt-Norge RHF. Liv Stette, kommunalsjef i Ålesund kommune, er nytt styremedlem.

Ola H. Strand og Paul Steinar Valle er i dag oppnemnde til høvesvis styreleiar og nestleiar i styret for Helse Midt-Norge RHF. Liv Stette, kommunalsjef i Ålesund kommune, er nytt styremedlem.

- Eg er trygg på at på at dei kjem til å vidareføre det viktige arbeidet som styret gjer på ein god måte, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Marthe Styve Holte gjekk av som styreleiar i Helse Midt-Norge RHF 13. oktober. Ola H. Strand er tidlegare nestleiar i styret i Helse Midt-Norge RHF, og Paul Steinar Valle tidlegare styremedlem.

– Både Strand og Valle har betydeleg røynsle frå styrearbeid, også frå styret for Helse Midt-Norge RHF, og vil bidra til viktig kontinuitet, seier Bent Høie.

Tenestetida er frå dags dato og fram til ordinær oppnemning av styret for Helse Midt-Norge RHF i januar 2016.