Ny vitskapskomité for mattryggleik for perioden 2014-2018

Helse- og omsorgsdepartementet har utnemnd 98 ekspertar som medlemmar av Vitskapskomiteen for mattryggleik for perioden 2014 til 2018.

Helse- og omsorgsdepartementet har utnemnd 98 ekspertar som medlemmar av Vitskapskomiteen for mattryggleik for perioden 2014 til 2018.

Professor og assisterande direktør ved Nasjonalt folkehelseinstitutt, Jan Alexander held fram som leiar av hovudkomiteen i Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM). Gro-Ingunn Hemre, ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning, held fram som nestleiar.

164 kandidatar søkte om deltaking i VKM. Det er ein auke på 40 % samanlikna med oppnemninga for fire år sidan. Kompetansen til søkarane blir vurdert av ein uavhengig bedømmingskomité.

– Vitskapskomiteen for mattryggleik har ein svært viktig jobb med å gje faglege risikovurderingar på matområdet. Trygg mat og trygt drikkevatn er viktig for folkehelsa, og gode faglege vurderingar om helserisiko blir stadig viktigare. Eg er glad for at så mange ekspertar ynskjer å bidra i dette arbeidet på sitt fagområde, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Risikovurderingar for Mattilsynet og Miljødirektoratet

VKM har som oppgåve å gjere uavhengige, vitskaplege risikovurderingar for Mattilsynet og Miljødirektoratet. For Mattilsynet gjeld dette vurderingar knytt til trygg mat, dyre-, fiske- og plantehelse, dyre- og fiskevelferd og kosmetikk. Mattilsynet bruker vurderingane frå VKM i rådgjeving og utvikling av regelverk. VKM gjer miljørisikovurderingar av GMO for Miljødirektoratet. Mattilsynet og Miljødirektoratet bruker vurderingane når de gjer innspel til departementa.

Det er ni faggrupper og ein hovudkomité i VKM. Arbeidet med risikovurderingane blir gjort av dei ni faggruppene i VKM, medan hovudkomiteen arbeider med overordna og tverrfaglige problemstillingar.

Medlemmene i VKM er tilsette ved forskingsinstitusjonar over heile landet, og deltek i kraft av sin faglege kompetanse. Det er 49 kvinner og 49 menn med i komiteen.

Sjå ei oversikt over dei nye medlema i Vitskapskomiteen for mattryggleik

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter