Nye stasjonar til Grensevakta i Sør-Varanger – endring av omfang og kostnadsramme

Regjeringa føreslår å endre omfang og kostnadsramme for tidlegare godkjent prosjekt for nye stasjonar til Grensevakta i Sør-Varanger. Kostnadsramma for prosjektet er foreslått auka til 351 millionar kroner.

Prosjektet ved Garnisonen i Sør-Varanger skal dekkje grensevakta sitt samla behov for forlegning og operasjonsbasar for grensejegerane.

Regjeringa føreslår å endre omfang og kostnadsramme for tidlegare godkjent prosjekt for nye stasjonar til Grensevakta i Sør-Varanger. Kostnadsramma for prosjektet er foreslått auka til 351 millionar kroner.

Prosjekt for nye stasjonar til Grensevakta i Sør-Varanger vart godkjend ved Stortinget si handsaming av Innst. 441 S (2010-2011), jf. Prop 110 S (2010-2011). Ved godkjenninga av dette prosjektet slutta Stortinget seg til ei omfattande modernisering av grensevakta si bygningsmasse og infrastruktur. Kostnadsramma til prosjektet er 294 millionar kroner, jf. Prop. 1 S (2013-2014). 

Prosjektet skal dekkje grensevakta sitt samla behov for forlegning og operasjonsbasar for grensejegerane med ein stasjon i sør i Svanvik og ein stasjon i nord ved Storskog. Det vert bygd kennel på kvar stasjon. Frå stasjonen i nord til grensa vert det etablert ny køyretrasé. Det vil òg bli bygd ei ny patruljehytte.

Etableringa av stasjonen til grensevakta i sør er i hovudsak ferdig og stasjonen vil no gradvis bli tatt i bruk utover våren. Det står att noko arbeid utandørs. Med denne nye stasjonen i Svanvik har Forsvaret fått høvelege lokale som legg godt til rette for ei effektiv drift av verksemda til grensevakta i sør. Stasjonen i sør vert gjennomført innafor sin del av den totale kostnadsramma for prosjektet.

For stasjonen i nord har detaljprosjekteringa synleggjort behov for nokre justeringar frå godkjent prosjekt. Det er mellom anna auka behov knytt til integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi, krav til tryggleik, nye krav til kennelen ved stasjonen og infrastruktur. I tillegg er det innhenta tilbod som viser ei auke i marknadsprisen utover den årlege prisjusteringa. Oppdaterte kostnadsanslag for den nye stasjonen i nord viser behov for å auke den totale kostnadsramma for prosjektet til 351 millionar kroner. Det tas sikte på at stasjonen i nord kan tas i bruk frå sommaren 2016.