Regjeringa investerer i Forsvaret

Regjeringa la i dag fram ein proposisjon til Stortinget med forslag til omfattande investeringar i Forsvaret.

Forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide og regjeringa legg fram forslag om omfattande investeringar i Forsvaret. Biletet er frå forsvarsministeren sitt besøk under Cold Response 2014 (foto: Asgeir Spange Brekke, FD).

-Med desse investeringane prioriterer regjeringa det første byggjeprosjektet i etableringa av den nye hovudflybasen for F-35 på Ørland, samstundes med at viktige prosjekt for både Hæren og Sjøforsvaret vert gjennomført, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.

Regjeringa legg mellom anna fram forslag om å etablere eit skvadronsbygg på kampflybasen på Ørland. Skvadronsbygget er det første byggjeprosjektet i etableringa av den nye hovudbasen for F-35. Bygget må stå ferdig allereie våren 2016 for mottak av dei første fire simulatorane for F-35 som vert leverte gjennom kampflyanskaffinga. Regjeringa føreslår å byggje nytt skvadronsbygg for F-35 på Ørland innanfor ei kostnadsramme på 619 millionar kroner.

Regjeringa legg òg fram forslag om oppstart av eit nytt materiellprosjekt for oppgradering av luftvernsystem til Fridtjof Nansen-klassen fregatt. Den tilrådde kostnadsramma er 1 849 millionar kroner.

Det vert òg foreslått  ei endring av omfang og kostnadsramme for tidlegare godkjent prosjekt for nye stasjonar til Grensevakta i Sør-Varanger. Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 351 millionar kroner.