Satsar breidt på CO2-handtering

Regjeringa lanserer i dag sin strategi for arbeidet med CO2-handtering. Den inneheld eit bredt spekter av aktivitetar innanfor forsking og utvikling, fullskala demonstrasjon i Noreg og internasjonal satsing på CO2-handtering. Regjeringa har ein ambisjon om å realisere eit fullskala CO2-handteringsanlegg innan 2020. Vi ser på anlegg både i Noreg og internasjonalt.

-Ei omfattande satsing på CO2-handtering er heilt nødvendig for å redusere utsleppa av klimagassar. Regjeringa har som ambisjon å realisere minst eitt fullskala demonstrasjonsanlegg innan 2020. Dette vil bli krevjande. Vi jobbar langs to spor: Vi legger til rette for realisering av eit fullskala CO2-handteringsanlegg i Noreg og vi har samtidig sagt oss villige til å delta i eit europeisk samarbeid om eit slikt anlegg i Europa, seier olje- og energiminister Tord Lien.

Klimaendringane og eit auka energibehov i verda gjer at det er nødvendig med ei offensiv satsing på CO2-handtering. I Noreg har vi brukt mykje ressursar på dette arbeidet over lang tid. Det er viktig at dei første fullskalaanlegga er eigna referanseprosjekt som kan utvikle og spreie teknologien og bidra til kostnadsreduksjonar. Regjeringa vil sjå på korleis vi gjennom eigna insentiv kan legge til rette for at selskap vil bygge CO2-handteringsanlegg.

Ein stor del av kraftproduksjonen i Noreg er fornybar. Det er derfor få aktuelle landbaserte utslepp som eignar seg for CO2-handtering i Noreg. Dei mest aktuelle er utslepp frå industriproduksjon. Vi vidarefører Gassnovas kartlegging av moglege fullskalaprosjekt i Noreg og dei vil, i dialog med aktuelle selskap, finne ut om det er grunnlag for å setje i gong eit industrielt prosjektløp med mål om realisering av fullskala CO2-fangst. Samtidig koordinerer Gassnova ei første kartlegging av moglege opplegg for transport og lagring av CO2 frå dei aktuelle utsleppa. Den første fasen er venta å vare fram til sommaren 2015. Deretter må ein gjere meir detaljerte analysar av heile CO2-handteringskjeda gjennom moglegheitsstudier.

Parallelt med arbeidet for å legge til rette for fullskala demonstrasjon av CO2-handtering i Noreg har vi svart positivt på ein førespurnad frå Europakommisjonen om å delta i eit samarbeid for å realisere eit fullskala CO2-handteringsprosjekt i Europa. Det er difor foreslått ei fullmakt til å delta med inntil 125 mill. kroner i eit slikt samarbeidsprosjekt. Regjeringa vil også arbeide for at delar av EØS-midlane vert nytta til å støtte europeiske prosjekt for CO2-handtering.

Satsinga på forsking og utvikling er også eit sentralt element i strategien. Det er dagens forsking som legg grunnlaget for lågutsleppssamfunnet. Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad gir viktige bidrag til teknologiutviklinga. Regjeringa foreslår difor å løyve 227,5 millioner kroner til drift av teknologisenteret og 65 millioner kroner til modifikasjon, vedlikehald og vidareutvikling av anlegget. Dette gjer at ein kan teste fleire teknologiar på teknologisenteret. Regjeringa vidarefører forskings- og demonstrasjonsprogrammet CLIMIT med ei løyving på 200 millioner kroner. I tillegg kjem forskingssenter for miljøvenleg energi og internasjonale forskingsaktivitetar.

Noreg legg også ned betydeleg innsats for å fremje CO2-handtering internasjonalt, både gjennom klimaforhandlingane og ved å leggje til rette for internasjonal kunnskapsdeling og bruk av CO2-handtering i utviklingsland og framveksande økonomiar. Regjeringa føreslår å støtte Det grønne klimafondet med minst 200 millioner kroner i 2015. Det grønne klimafondet skal finansiere tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing i utviklingsland.

CO2-handteringssatsinga i tal:

  • 227,5 mill. kroner til drift av teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM)
  • 65 mill. kroner til modifikasjon, vedlikehald og vidareutvikling av TCM
  • 200 mill. kroner til forskings- og demonstrasjonsprogrammet CLIMIT
  • 200 mill. kroner til Det grøne klimafondet
  • 125 mill. kroner til fullskala demonstrasjon i Europa
  • 96 mill. kroner til drift av Gassnova SF
  • 6 mill. kroner til diverse anna arbeid med CO2-handtering

Se Prop. 1 S (2014-2015) Regjeringas strategi for arbeidet med CO2-handtering kapittel 4.