Historisk arkiv

Stadfester avfallsprinsipp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

I dag fastsett Klima- og miljødepartementet ny forskrift om avfall som skal sikre at kommunale avfallsgebyrer ikkje nyttast til å subsidiere kommersiell avfallshandtering.

I dag fastsett Klima- og miljødepartementet ny forskrift om avfall som skal sikre at kommunale avfallsgebyrer ikkje nyttast til å subsidiere kommersiell avfallshandtering. 

- Eg meiner det er viktig at vi skjermar norske hushald mot ei skjult avgift. Det er eit viktig prinsipp at kommunale gebyr berre skal dekke dei faktiske kostnadane ved tenestene. Det er dette prinsippet vi på nytt har stadfesta i dag, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Avfallshandsaminga i Noreg skil mellom hushaldsavfall og næringsavfall. Hushaldsavfallet er avfall frå private hushald, og kommunane har monopol på handtering av dette avfallet. Kommunane har rett til å krevje avfallgebyr frå hushalda, men gebyret kan ikkje overstige dei faktiske kostnadene. Dette er sjølvkostprinsippet.

Næringsavfall er konkurranseutsett og handteringa skjer på kommersielle vilkår. Fleire kommunar har avfallsanlegg som også nyttast til å ta handtere avfall frå næringslivet. Dersom desse kommunane aukar avfallsgebyra som betalast av hushalda for å kunne konkurrere i marknaden for næringsavfall er det eit problem. EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har funne at dei norske reglane ikkje var tydelege nok til å forhindre ulovleg kryssubsidiering.  For å sikre at det ikkje førekjem praksis i strid med EØS-avtalen foreslo ESA tiltak overfor Noreg. Forskrifta syte for at norsk regelverk harmonerar med EØS-avtalen.

- Prinsippet om at gebyra ikkje kan setjast høgare enn dei faktiske kostnadene må vi halde fast ved. Innbyggjarane skal ikkje sponse kommunane si næringsverksemd, seier Sundtoft.

Forskriften stadfestar at felleskostnadar for handtering av hushaldsavfall og næringsavfall skal fordelast ”forholdsmessig”.

Miljødirektoratet skal gjennom ein open prosess utarbeide ein vegleiar for utrekning av avfallsgebyr, og mellom anna sjå på korleis ”forholdsmessig” skal forståast.

- Vi har trua på lokalt sjølvstyre. Kommunane fastset sjølv avfallsgebyra, og skal då sjølv argumentere for å tolke ”forholdsmessig” innanfor dei overordna retningslinjene, seier Sundtoft.

Forskrift om endring i forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskriften) (Norsk Lovtidend)