Historisk arkiv

Priv. til red:

Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Oslo universitetssykehus onsdag 4. juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

I samband med publiseringa av revidert Nasjonal helseberedskapsplan, besøkjer statsministeren og helse- og omsorgsministeren akuttmottaket og det nasjonale CBRNe-senteret ved Oslo Universitetssykehus (Ullevål) onsdag 4. juni.

I samband med publiseringa av revidert Nasjonal helseberedskapsplan, besøkjer statsministeren og helse- og omsorgsministeren akuttmottaket og det nasjonale CBRNe-senteret ved Oslo Universitetssykehus (Ullevål) onsdag 4. juni.

Program:

Kl. 11.45 -12.20: Ullevål sykehus – Akuttmottaket. Omvising i det nye akuttmottaket. Besøket får høyre om korleis multitraumearbeidet er organisert og om nasjonal kompetanseteneste for traumatologi ved sjukehuset. På traumerommet får dei frammøtte ei orientering om sjukehuset sine erfaringar etter 22. juli. Kvifor redda dei så mange og kva har dei lært?

Kl. 12.20-12.40: Nasjonalt CBRNe-senter (Chemical, Biological, Radio-Nuclear, Explosives). Demonstrasjon av CBRNe-reinseteltet og ambulansetenesta si spesialeining. Oslo brann- og redningsetat og ambulansetenesta deltek saman med sjukehuset for å demonstrere korleis ein situasjon med til dømes kjemisk gass vert handtert.

Kl. 12.40-13.00: Tid til pressa.

Kl. 13.00: Avreise

Pressa er velkomen til å delta. Statsministeren og helse- og omsorgsministeren er tilgjengelege for kommentarar.

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter