Statsministeren tok med fem norske ekspertar

7. november deltok statsminister Erna Solberg på Northern Future Forum (NFF) i Helsinki. Saman med seg hadde ho fem norske ekspertar.

Statsministrane som deltok på Northern Future Forum i Helsinki 2014. Foto: SMK

7. november deltok statsminister Erna Solberg på Northern Future Forum (NFF) i Helsinki. Saman med seg hadde ho fem norske ekspertar.

- Eg har blitt inspirert av diskusjonane og innspela som har kome, seier Erna Solberg.

Statsministrane frå Norden, Baltikum og Storbritannia deltek saman med ekspertar frå næringsliv og akademia for å drøfte aktuelle samfunnsspørsmål i ein uformell kontekst. Det første NFF fann stad på initiativ frå statsminister Cameron i London i 2011.

Til Helsinki hadde Solberg med seg fem norske ekspertar: Kjersti Kleven, styreleiar i Kleven Maritime AS, Morten A. Christophersen, CEO of Connect LNG, Anne-Grete Ellingsen, administrerande direktør i GCENODE, Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen og Jørn Rattsø, professor i samfunnsøkonomi ved NTNU.

- Det har vore nyttig og interessant og møte mine statsministerkollegaer og ulike lands ekspertar her i Helsinki for å drøfte tema som innovasjon, næringsliv og korleis sikre konkurransedyktige utdanningssystem og god kvalitet på lærarar, seier statsministeren.

Hovudformålet med NFF er at Storbritannia, dei nordiske og baltiske landa drøftar ulike samfunnsutfordringar. For årets NFF var det to hovudtema: Korleis promotere skaping av nye, innovative verksemder, gjerne med miljøvenleg teknologi og korleis sikre konkurransedyktige utdanningssystem.

- Det har blitt diskutert idear og mogelegheiter som me tar med oss vidare. Nye innovative verksemder står sentralt for å sikre framtidig økonomisk vekst, seier Solberg.

- Utdanning og innovasjon er hovudsatsingsområde for regjeringa. Eg er ikkje mindre overtydd om at dette er korrekte prioriteringar etter møta i dag, avslutter statsminister Erna Solberg.