Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministerens program veke 21

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren deltek denne veka mellom anna på markeringa av 200-årsjubileet for regjering og departement på eit arrangement ved Karpedammen på Akershus festning.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 19. mai
Kl. 11.00: Statsministeren deltek på markeringa av 200-årsjubileet for regjering og departement på eit arrangement ved Karpedammen på Akershus festning. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Tysdag 20. mai
Kl. 12.00: Statsministeren er til stades på Eidsvoll når broderkjeda frå 1814 skal skapast på nytt. Arrangementet er ein del av grunnlovsjubileet, til minne om at det er 200 år sidan eidsvollsmennene danna broderkjede og kom med løftet  «Enig og tro til Dovre faller».

Kl. 16.30: Statsministeren deltek i nasjonal økumenisk gudsteneste i Nidarosdomen i Trondheim, i samband med grunnlovsjubileet.

Kl. 19.00: Statsministeren deltek i ordførarens mottaking i Erkebispegarden i Trondheim i samband med grunnlovsjubileet.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og seniorrådgivar Øivind Østang, telefon 913 46 470.

Onsdag 21. mai

Kl. 11.00: Statsministeren legg ned grunnstein for ny terminal ved Bergen lufthamn på Flesland. Me ber presse melde seg på til alf.sognefest@avinor.no. Frammøte i Lønningvegen 20.

Kl. 12.30: Statsministeren deltek og taler ved opninga av festspela i Bergen på Festplassen.

Kl. 14.00: Statsministeren deltek på Bergen kommune sin lunsj i samband med festspela i Bergen. Stad: Håkonshallen.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Fredag 23. mai

Kl. 15.30: Statsministeren møter Danmarks statsminister Helle Thorning-Schmidt til politiske samtalar, på Christiansborg i København. Etter møtet, om lag kl. 16.20 møter dei to statsministrane pressa.

Presse som ønskjer å dekke møtet, kan melda seg på til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 21. mai kl. 12.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 20.00: Statsministeren er til stades på dansk-norsk festforestilling i Operaen i København, der den danske kongefamilien, H.M. dronning Sonja, H.K.H. kronprins Haakon, parlamentspresidentane og Danmarks statsminister er til stades. Den norske og den danske statsministeren taler under arrangementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Norsk deltagelse på D-dagen i Normandie 5. og 6. juni
H.M. Kongen, statsminister Erna Solberg, forsvarsminister Ine Marie Søreide Eriksen og forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen representerer Noreg ved 70-årsmarkeringa av D-dagen i 1944. Arrangementa finn stad 5. og 6. juni i Normandie, Frankrike.

Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.