Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministerens program veke 23

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg besøkjer denne veka mellom anna kontraterrorøvinga Gemini i Stavanger.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 3. juni
Statsminister Erna Solberg og justis- og beredskapsminister Anders Anundsen besøkjer kontraterrorøvinga Gemini i Stavanger.

Kl. 09.30: Besøk på Politihuset i Stavanger. Det vil vere mogleg å fotografere ved ankomst.

Kl. 12.45: Besøk på Sola flystasjon (militær side, innkøyring frå Sola sentrum), kor statsministeren og justis- og beredskapsministeren møter Beredskapstroppen i politiet og Forsvarets spesialstyrkar.

Journalistar som skal inn på Sola flystasjon må melde seg på til Fredrik Tandberg (tandberg@army.no) seinast måndag 2. juni kl. 18.00. Oppmøte for media i vakta på Sola flystasjon seinast kl. 12.30 tysdag 3. juni.

Statsministeren vil også besøkje Senter for risikostyring og samfunnssikkerhet på Universitetet i Stavanger og Statoil.

Bilete frå øvinga vert fortløpande lasta opp til Forsvarets mediearkiv.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987. Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren er politisk rådgivar André Kolve, telefon 977 20 535.

Onsdag 4. juni
Kl. 11.30: Statsministeren og helse- og omsorgsministeren besøkjer akuttsentralen og det nasjonale CBRNe-senteret (Chemical, Biological, Radio-Nuclear, Explosives) ved Oslo universitetssykehus, i samband med publiseringa av revidert nasjonal helseberedskapsplan. Pressa er velkomen til å delta. Statsministeren og helse- og omsorgsministeren er tilgjengelege for kommentarar om lag kl. 12.40. Adresse: Ullevål sykehus, Kirkeveien 166, Akuttbygget.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216. Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Kl. 14.30: Statsministeren møter MS-sjuke Mona Mikkelsen på Stortinget. Mikkelsen har vore med i ein film om inkluderande arbeidsliv og IA-avtalen i regi av NAV Finnmark. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.

Torsdag 5. juni og fredag 6. juni
H.M. Kongen, stortingspresident Olemic Thommessen, statsminister Erna Solberg, forsvarsminister Ine Marie Søreide Eriksen og forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen representerer Noreg ved 70-årsmarkeringa av D-dagen i Normandie, Frankrike. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.