Priv. til red.:

Statsministerens program veke 27

Statsminister Erna Solberg reiser til Afrika for å følgje opp sitt engasjement i FNs generalsekretærs pådrivargruppe for FNs tusenårsmål.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 1. juli – torsdag 3. juli
Statsminister Erna Solberg reiser til Afrika for å følgje opp sitt engasjement i FNs generalsekretærs
pådrivargruppe for FNs tusenårsmål. Solberg leiar denne gruppa saman med Rwandas president, Paul Kagame. Statsministeren besøkjer Sør-Afrika, Malawi og Rwanda. Utanriksminister Børge Brende deltar på besøket til Sør-Afrika og Malawi. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458. Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonsrådgivar Astrid Sehl, telefon 922 84 752.

Fredag 4. juli
Kl. 12.30: Statsministeren og samferdselsministeren utfører den offisielle opninga av E18 Gulli – Langåker. Oppmøte ved Sandefjord Motor Hotell ved Fokserødkrysset.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.