Priv. til red.:

Statsministerens program veke 36

Statsministeren leiar den norske delegasjonen til NATO-toppmøtet i Cardiff 4.-5- september. Utanriksminister Børge Brende og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide vil òg delta.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 1. september
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen opnar årets kampanjeveke i regi av Manifest mot mobbing på Bjørnsletta skole. Adresse: Åsjordet 3 i Oslo.

Statsministeren er tilgjengeleg for presse etter programslutt, om lag kl. 1100.   

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 14.10: Statsministeren held innleiing i samband med at Byrådet i Oslo inviterer til dialogmøte om eit felles løft mot ekstremisme og radikalisering. Stad: Festgalleriet i Oslo Rådhus.

Statsministeren er tilgjengeleg for presse i Festgalleriet kl. 14.45.

Pressekontaktar for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Tysdag 2. september
Kl. 12.00: Statsministeren tek imot Estlands president, Toomas Hendrik Ilves, til samtale i statsministerbustaden i Inkognitogaten 18. Det er høve til å fotografere idet presidenten kjem til statsministerbustaden. Ca. kl. 12.35 har dei to ein kort pressekonferanse i Riddervolds gate 2.

Pressekontakt er seniorrådgivar Øivind Østang, telefon 913 46 470.

Kl. 20.00: Statsministeren deltek i Hans Majestet kong Haralds gallamiddag på Slottet, i samband med statsbesøket frå Estland.

Torsdag 4. – fredag 5. september
Statsministeren leiar den norske delegasjonen til NATO-toppmøtet i Cardiff 4.-5- september 2014. Utanriksminister Børge Brende og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide vil òg delta. Meir informasjon på nettsidene til NATO.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Laurdag 6. – sundag 7. september
Statsministeren deltek på Høyres kommunalkonferanse i Tromsø.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.