Priv. til red.:

Statsministerens program veke 38

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg og arbeids- og sosialminister Robert Eriksson inviterer denne veka partane i arbeidslivet og andre sentrale aktørar til toppmøte om kampen mot arbeidslivskriminalitet.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 15. september
Kl. 13.15: Statsministeren møter Regnskogfondet og tre urfolkleiarar frå Indonesia, Peru og Kongo på Statsministerens kontor. Tema for samtalane er mellom anna status for regnskogsarbeidet og samanhengen mellom bevaring av regnskogs- og urfolksrettar.

Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Kort treff med pressa ved møteslutt. Oppmøte for presse i Glacisgata 1 seinast kl. 12.50.

Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987 og kommunikasjonsrådgivar Roger Holmsen, telefon 971 12 845.

Tysdag 16. september
Kl. 11.25: Statsminister Erna Solberg og klima- og miljøminister Tine Sundtoft besøkjer DNV GL på Høvik, der dei får orienteringar om klimavennleg teknologi for bygg, transport og offshore vindkraft. Media kan delta under programmet. Statsministeren og klima- og miljøministeren er tilgjengelege for kommentarar utanfor etter møtet. Adresse: Veritasveien 1. Oppmøte ved hovudresepsjonen.

Kl. 12.50: Statsministeren og klima- og miljøministeren besøkjer Meteorologisk institutt, der dei mellom anna får ei orientering om våtare og villare vær. Media kan delta under programmet. Statsministeren og klima- og miljøministeren er tilgjengelege for kommentarar etter orienteringa. Adresse: Henrik Mohns plass 1, Oslo.

Kl. 15.00: Statsminister Erna Solberg, klima- og miljøminister Tine Sundtoft og FNs klimautsending og kommisjonsmedlem Jens Stoltenberg presenterer ein ny rapport om klimatiltak og økonomisk vekst: New Climate Economy. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar er politisk rådgivar  Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Onsdag 17. september
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg og arbeids- og sosialminister Robert Eriksson inviterer partane i arbeidslivet og andre sentrale aktørar til toppmøte om kampen mot arbeidslivskriminalitet. Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo.

Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 kl. 09.30. Møtedeltakarane er tilgjengelege for kommentarar etter møtet, om lag kl. 12.00. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 kl. 11.30.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Tysdag 22. til torsdag 25. september
Statsminister Erna Solberg deltek på FN si generalforsamling og klimatoppmøte i New York. Statsminister Solberg vil også halde ein appell under Global Citizen Festival i Central Park laurdag 27. september. Sentrale tema for statsministeren under FN si generalforsamling er oppfølginga av FN sine tusenårsmål, utdanning og helse og dei nye bærekraftsmåla post-2015. Sentrale tema for statsministeren under klimatoppmøtet er forhandlingane om ein ny klimaavtale, bevaring av regnskog og klimafinansiering.