Priv. til red.:

Statsministerens program veke 43

Statsminister Erna Solberg deltek laurdag 25. oktober i 70-årsmarkeringa for frigjering av Aust-Finnmark. H.M. Kongen og utanriksminister Børge Brende deltek òg i arrangementet som inngår i grunnlovsjubileet.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 21. oktober
Statsminister Erna Solberg besøkjer Møre og Romsdal.

Kl. 09.15: Statsministeren blir orientert om utbygginga av Nødnett i Noreg og særskilt status på arbeidet i Nordmøre og Romsdal. Pressa kan dekkje heile besøket. Oppmøte seinast kl. 08.45. Adresse: Politihuset i Kristiansund, Storgata 43.

Kl. 11.25: Statsministeren besøkjer Brukerstyrt senter i Molde. Pressa kan dekkje heile besøket. Adresse: Brukerstyrt senter, Grandfjæra 28 i Molde.

Kl. 14.15: Statsministeren held innlegg om felles løft mot ekstremisme og radikalisering på Konfliktrådets seminar for ungdomsoppfølging og -straff. Ope for pressa. Statsministeren er tilgjengeleg for presse kl. 15.15 – 15.25. Adresse: Pinsekirken kurs- og konferansesenter, Vindgårdsvegen 1 i Ålesund.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Torsdag 23. oktober
Statsministeren deltek på møte i European People’s Party (EPP) i Brüssel.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Fredag 24. oktober
Kl. 12.00: Statsministeren taler i samband med markeringa av FN-dagen på Nationaltheatret i Oslo.

Kl. 16.20: Statsministeren taler under opninga av Alexander Dale Oen arena. Adresse: Lungegårdskaien 40, Bergen.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Laurdag 25. oktober
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg deltek i 70-årsmarkeringa for frigjering av Aust-Finnmark. H.M. Kongen og utanriksminister Børge Brende deltek òg i arrangementet som inngår i grunnlovsjubileet. Stad: Torget i Kirkenes. Statsministeren er tilgjengeleg for pressa etter arrangementet.

Kl. 13.00: Markering ved 1944-tunnelen og Rørbua i Bjørnevatn. Det gamle badehuset, eller Rørbua, skal fredast av Riksantikvaren. Rørbua ligg like ved tunnelen der vel 3000 menneskjer søkte tilflukt oktoberdagane i 1944, før dei vart slopne fri av Den Røde Armé. H.M. Kongen og utanriksminister Børge Brende deltek òg i markeringa.

Kl. 14.10: H.M. Kongen, statsministeren og utanriksministeren møter veteranar og fem av dei elleve som vart fødd i gruvegangen i 1944, samt representantar frå Gruvebyens vener. Pressa får vera til stades i starten av arrangementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.