Priv. til red.:

Statsministerens program veke 46

Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende presenterer måndag regjeringas statusrapport for nordområda i Hammerfest.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Sundag 9. november
Kl. 14.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Høgre. Stad: Høgres Hus.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Måndag 10. november
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende presenterer regjeringas statusrapport for nordområda i Hammerfest. Sjå detaljar i pressemelding frå Utanriksdepartementet.

Journalistar må melde seg på til Utanriksdepartementet ved pressekontakt Eskil Grendahl Sivertsen, egsi@mfa.no eller telefon 926 89 277, og ha med seg førarkort eller pass, grunnet kontrollpost på Polarbasen. 

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Tysdag 11. november
Kl. 08.30: Statsministeren deltek på konferansen Agenda Nord-Norge. Hun held innlegg om regjeringas visjon for landsdelen kl. 09.00, og er tilgjengeleg for kommentarar til presse om lag kl. 09.30. Stad: Rica Ishavshotell, Tromsø.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Kl. 15.30: Statsministeren har bilateralt møte med Sveriges statsminister Stefan Löfven på Statsministerens kontor. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Glacisgata 1 seinast kl. 15.00.

Etter møtet, om lag kl. 16.15, er Solberg og Löfven tilgjengelege for presse. Oppmøte i Glacisgata 1 seinast kl. 15.45. Se direkteoverføring.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Onsdag 12. november
Kl. 14.15: Statsministeren møter leiaren for FNs klimapanel, Dr. Rajendra K. Pachauri, på Statsministerens kontor. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Glacisgata 1 seinast kl. 13.45.

Kort tilgjengelegheit for presse etter møtet, om lag kl. 14.45. Oppmøte i Glacisgata 1 seinast kl. 14.15.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.