Priv. til red.:

Statsministerens program veke 47

Statsministeren reiser denne veka mellom anna til Polen og Ukraina.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 17. og tysdag 18. november
Statsminister Erna Solberg og statsråd Vidar Helgesen besøkjer Polen og Ukraina 17. og 18. november. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419. Pressekontakt for statsråd Helgesen er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Onsdag 19. november
Kl. 09.00: Statsministeren held innlegg om inkluderande arbeidsliv på Oseberg Kulturhus i Tønsberg. Statsministeren delar òg ut IA-prisar til ei privat og ei offentleg verksemd i Vestfold. Tilgjengelegheit for presse om lag kl. 09.55. Stad: Oseberg Kulturhus, Ollebukta 3.

Kl. 10.40: Statsministeren held innlegg for tilsette ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Oppmøte for pressa seinast kl. 10.20. Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 11.00. Stad: DSB, Rambergveien 9 i Tønsberg.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 13.00: Statsministeren, kommunal- og moderniseringsministeren, olje- og energiministeren, samferdselsministeren og landbruks- og matministeren har møte med flomramma ordførarar på Statsministerens kontor.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Glacisgata 1 seinast kl. 12.30. Etter møtet, om lag kl. 14.50, er deltakarane tilgjengelege for presse. Oppmøte i Glacisgata 1 seinast kl. 14.20.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Laurdag 22. november
Kl. 16.00: Statsministeren er til stades under cupfinalen i fotball for kvinner mellom Lillestrøm og Trondheims-Ørn på Telenor Arena.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Sundag 23. november
Kl. 09.10: Statsministeren opnar høgnivåkonferanse om kvinners stilling i Afghanistan. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar. Stad: Radisson Blu Plaza Hotel, Sonja Henies Plass 3 i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Kl. 13.15: Statsministeren er til stades under cupfinalen i fotball for herrar mellom Molde og Odd på Ullevaal Stadion.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Kl. 18.00: Statsministeren er til stades under ei festframsyning til ære for Alf Prøysen i Det Norske Teatret.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.