Priv. til red.

Statsråd Vidar Helgesens program veke 34

Statsråd Helgesen og utanriksminister Brende er denne veka mellom anna vertskap for mottaking i samband med Utanriksdepartementet sitt stasjonssjefmøte.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 18. august
Kl. 15.00: Statsråd Helgesen møter Nederlands utanriksminister Timmermans. Stad: Parkveien 45 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Tysdag 19. august
Kl. 12.15: Statsråd Helgesen held innlegg på Unio (Hovudorganisasjonen for universitets- og høgskuleutdanna) sitt styremøte. Stad: Stortingsgata 2 i Oslo.

Kl. 13.00: Statsråd Helgesen møter Fabrice Favero, administrerande direktør i Nestlé Noreg. Stad: Utanriksdepartementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Fredag 22. august
Kl. 09.00: Statsråd Helgesen møter Chiles nye ambassadør til Noreg, José Miguel Cruz. Stad: Utanriksdepartementet.

Kl. 11.15: Statsråd Helgesen møter Geir Ove Ystmark, administrerande direktør i Fiskeri- og Havbruksnæringas Landsforeining. Stad: Statsministerens kontor.

Kl. 18.00: Statsråd Helgesen og utanriksminister Brende er vertskap for mottaking i samband med Utanriksdepartementet sitt stasjonssjefmøte. Stad: Akershus slott.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.