Historisk arkiv

Vil sikre lønnsam fangst av kongekrabbar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskerdepartementet har fastsett totalkvoten på kongekrabbe i det kvoteregulerte området.

Nærings- og fiskerdepartementet har fastsett totalkvoten på kongekrabbe i det kvoteregulerte området.

Totalkvoten for kongekrabbe i 2014/2015 er sett til 1100 tonn hannkrabbar og 50 tonn hokrabbar i det regulerte området aust for 26°aust i Finnmark. Dette er ein auke i kvoten på 100 tonn hannkrabbar sidan forrige sesong.

- Eg synest det er viktig med eit relativt stabilt kvotenivå som legg til rette for næringsaktivitet og lønnsemd, og som samtidig held storleiken på bestanden på eit nivå som ikkje fører til ei for stor spreiing av kongekrabbe utanfor det kvoteregulerte området, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Minstemålet på 130 mm skjoldlengde blir vidareført for både hann- og hokrabbar. Av kvoten på hannkrabbar blir 100 tonn sett av til ”skadde” krabbar, for å bidra til at også slike krabbar blir utnytta kommersielt.

Forvaltninga av kongekrabbe blir no vurdert. Fiskeridirektoratet vil utarbeide ein evalueringsrapport, etter samråd med m.a. Havforskingsinstituttet. Fiskeridirektoratet vil også snart sende på høyring reguleringsforslag for det kommande reguleringsåret, som går frå 1. august 2014 til 31. juli 2015, og reguleringane vil bli fastsette etter høyringsrunden.