Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

581 millionar kroner meir til Akershus neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Akershus og Akershus fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 581 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Akershus og Akershus fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 581 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Akershus og Akershus fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

0211 Vestby

13,0

0213 Ski

23,9

0214 Ås

13,5

0215 Frogn

13,6

0216 Nesodden

14,2

0217 Oppegård

19,9

0219 Bærum

109,8

0220 Asker

55,8

0221 Aurskog-Høland

12,6

0226 Sørum

15,2

0227 Fet

9,4

0228 Rælingen

13,1

0229 Enebakk

8,8

0230 Lørenskog

27,4

0231 Skedsmo

40,0

0233 Nittedal

15,8

0234 Gjerdrum

5,3

0235 Ullensaker

30,9

0236 Nes

16,9

0237 Eidsvoll

20,9

0238 Nannestad

10,3

0239 Hurdal

2,7

Akershus

493,0

 

Akershus fylkeskommune         88,0

 
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.