Historisk arkiv

Arealrekneskap i utmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Etter ti år med kartlegging av vegetasjonstypar er grunnlaget lagt for å lage eit arealrekneskap for utmark for Noreg. Skog og landskap innleidde i 2004 eit samarbeid med Statistisk sentralbyrå for å lage eit nasjonalt arealrekneskap for Noreg. Eit slikt arealrekneskap skulle gje oversikt over arealstatus og rapportere om endringar mellom ulike arealtypar.

Behovet for ein nasjonal arealstatistikk har vorte aukande, og tema som biologisk mangfald, karbonbinding, landskapsendringar og, ikkje minst, konfliktar knytt til arealbruk, er alle sentrale på den politiske dagsorden.

Frå kartlegging til arealrekneskap

Etter ti år med feltregistreringar i felt, står bearbeiding og publisering av data att. Publisering er alt i gang i form av fylkesrapportar som viser utbreiinga av dei ulike vegetasjonstypane, samt dokumentasjon av utforminga av typene, som vil variere noko etter kvar ein er i landet. Det er også gjeve ein omtale av natur og landskap i kvart fylke, med vekt på vilkåra for plantevokster i utmark.

Vanlegvis har det teke frå to til fire timar å kartlegge kvar flate og dei fleste flatene kunne da gjerast på eitt dagsverk. Her kartlegg Anders Bryn ei flate i Hemnes kommune i Nordland.
Vanlegvis har det teke frå to til fire timar å kartlegge kvar flate og dei fleste flatene kunne da gjerast på eitt dagsverk. Her kartlegg Anders Bryn ei flate i Hemnes kommune i Nordland. Foto: Michael Angeloff/Skog og landskap