Arkivverket blir styrkt og vidareutvikla

- Den organiseringa Arkivverket har i dag er ikkje tenleg for å møte dei utfordringane etaten står overfor, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- Regjeringa støttar difor ei omorganisering av Arkivverket som inneber ei styrking av statsarkiva, og ikkje ei nedlegging slik nokre har hevda. Det har aldri vore foreslått, presiserer Hofstad Helleland.

Formålet med omorganiseringa er å styrkje Arkivverket. Statsarkiva og statsarkivarane skal behalde breidde, namn og funksjonar. Statsarkiva skal i tillegg bli spesialisert ved å få overført nasjonale oppgåver frå Riksarkivet. I skissa frå Riksarkivaren ligg det meir myndigheitsutøving. Det kjem ikkje til å bli lagt fram ein lovproposisjon i samband med omorganiseringa.

- Eg har fått forsikringar om at arbeidet skal skje i tråd med Hovudavtalen i staten og dei tilsette sin medråderett, seier kulturministeren.

Gjennomgangen frå Riksarkivaren viser at organiseringa slik ho er i dag i liten grad tar vare på Arkivverket sitt ansvar for digitale arkiv. Ressursane blir også for dårleg utnytta, og det er behov for meir kompetanseutvikling. Analysane syner også at einingane i etaten må samhandle betre både internt og eksternt. Riksarkivaren meiner det er naudsynt å gjennomføre ein omstillingsprosess med sikte på å tydeleggjere styringsliner og meir spesialisert ansvars- og oppgåvefordeling.