Askøy kommune får 475 000 kroner til inkludering i fritidsaktivitetar

- Det er viktig å bidra til at barn og ungdom får delta i sosiale fellesskap og aktivitetar. Fritidsaktivitetar er viktige møteplassar utanom skulen, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

I Fritidserklæringa går regjeringa, KS og frivillige organisasjonar saman for ein felles innsats slik at alle barn og unge uavhengig av familieøkonomi kan delta jamleg i fritidsaktivitetar. Som ein drahjelp har Kulturdepartementet no fordelt om lag ti millionar kroner for å stimulere til inkludering og integrering i fritidstilboda rundt om i landet.

- Midla som no er fordelt skal bidra til at barn frå økonomisk vanskelegstilte familiar kan delta på minst éin fritidsaktivitet. For å få til gode løysingar må kommunar, lokale foreiningar og andre viktige samarbeidspartnarar spele på lag. I tildeling av midlar har vi lagt vekt på samarbeid mellom det offentlege og dei frivillige. Prosjekta skal inspirere andre, så ikkje alle må starte frå "scratch", seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Askøy kommune får 475 000 kroner til arbeidet mot barnefattigdom

Askøy kommune har starta tre overordna program for utvikling: Eit program mot barnefattigdom, eit program for inkludering og eit program for eit mobbefritt samfunn. Midla skal gå til å etablere ein modell for samarbeid mellom offentlege verksemder og frivillige lag og organisasjonar.

- Mange kommunar, frivillige organisasjonar og idretten gjer i dag mykje for å inkludere barn og unge i aktivitetane sine. Gjennom felles innsats i lokalmiljøa, oppnår vi enda breiare deltaking. Tildelinga til Askøy kommune synleggjer dei praktiske og gode løysingane ein har fått til lokalt, seier kulturminister Hofstad Helleland.