Historisk arkiv

Astrup og KS presenterer rapport om koronakostnadar i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Fredag 16. oktober presenterer kommunal- og moedrniseringsminister Nikolai Astrup og KS-leiar Bjørn Arild Gram ein rapport, som syner kommunane sine meirkostnadar og mindreinntekter under koronapandemien.

  • Tid: Fredag 16. oktober klokka 14.30
  • Stad: Nationaltheatret konferansesenter
  • Adresse: Haakon VIIs gate 9, 0161 Oslo

Arrangementet strømmes direkte, trykk her Regjeringa sette ned ei arbeidsgruppe tidligare i år, som har gått systematisk gjennom kva slags inntekter og utgifter som har blitt påverka av koronapandemien. Gruppa gir òg eit overslag på kor mykje dei ulike typane utgifter og inntekter utgjer.

Regjeringa vil bruke rapporten som grunnlag for bevilgningane til kommunesektoren når dei skal leggje fram tilleggsnummeret til statsbudsjettet i november.

Arbeidsgruppa har medlemmar frå KS og fagfolk frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Finansdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Samferdselsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Vi ber om journalister som ynskjer å vere til stades under presentasjonen, om å sende en e-post til ke@kmd.dep.no. Presentasjonen vil bli strømma.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00