Historisk arkiv

Auka marknadsinnsats for fisk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

For å styrke marknadsføringsarbeidet for torskefisk, pelagiske artar, reker og skaldyr foreslår Fiskeri- og kystdepartementet å harmonisere marknadsavgifta for all eksport av fisk og fiskevarer.

– Forslaget vil gi omkring 60 millionar kroner ekstra i året til felles marknadsføring, og vil styrke marknadsarbeidet for norsk sjømat betrakteleg både i inn- og utland, seier statssekretær Vidar Ulriksen. Torskenæringa, som opplever stadig tøffare konkurranse av billege fiskeartar frå andre land, vil få ca. 20 millionar kroner meir i året til å styrke sin posisjon i marknadene. Tiltaket har vore etterspurt av fleire aktørar i næringa i løpet av det siste året.

Forslaget går ut på å auke marknadsavgifta til 0,75 prosent for all fisk og sjømat. Avgifta går til Eksportutvalet for fisk. For ein del fiskeslag er denne avgifta i dag på 0,2 – 0,3 prosent.

Dette er eit av fleire forslag som blir sendt på høyring i dag, og der målet er  å forenkle og klargjere regelverket knytt til eksport av fisk og fiskevarer. Vidare blir det foreslått at mellom anna  den såkalla hermetikkavgifta blir avvikla, og at fiskehermetikk, fiskemjøl og fiskeolje blir innlemma i FoU-avgiftsordninga som Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond forvaltar.  Slik blir eksportavgifta, som er summen av marknadsavgift og FoU-avgift (0,3 pst),  harmonisert. All eksport av fisk og fiskevarer vil då få ei eksportavgift på 1,05 pst. I dag er denne avgifta ulik mellom ulike produkt. 

Departementet ønskjer også å klargjere regelverket for direkte leveransar frå norske farty i utlandet. Utanlandsleveransar blir sett som eksport, og blir dermed omfatta av eksportavgifta.  Fiskesalslaga vil bli pålagt rapporteringsplikt til toll-  og avgiftsetaten.