Historisk arkiv

Barn utsette for menneskehandel skal få betre hjelp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa føreslår å løyve 17 millionar kroner til å byggje opp eit spesielt tilrettelagt institusjonstilbod for barn som er utsette for menneskehandel.

- Utnytting av barn til menneskehandel krenkjer menneskerettane på det grovaste og er ei alvorleg form for kriminalitet. Dagens barnevernlov er ikkje tilpassa menneskehandel. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil leggje fram eit forslag om å endre barnevernlova slik at vi kan sikre at desse barna får nødvendig vern og omsorg, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.

I 2012 vil regjeringa derfor løyve 17 millionar kroner til å byggje opp gode tilbod for barn som er utsette for menneskehandel.

Midlane vil gå til å lage tilpassa institusjonstilbod til barna. Barnevernlova blir endra slik at ein kan tvangsplassere barn i inntil seks månader i tilfelle der det er mistanke om menneskehandel. Det er då ein føresetnad at fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker kvar sjette veke vurderer plasseringa på nytt. Det er Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) og Oslo kommune som kvar vil få 8,5 millionar til å utvikle eit spesielt tilbod til denne utsette gruppa av barn.