Bent Høie held sjukehustalen 2018

Her presenterer helse- og omsorgsministeren styringsbodskapa og forventningane sine til sjukehusa og heile spesialisthelsetenesta.

Tid: Tysdag 16. januar, kl. 11.00

Stad: Rikshospitalet Store auditorium, inngang via hovudinngangen, Sognsvannsveien 20, 0372 Oslo

Same dag har helse- og omsorgsminister Bent Høie felles føretaksmøte for dei fire regionale helseføretaka. Dette skjer i etterkant av talen.

Pressa er velkommen til å høyre statsråden sin tale. Dørene opnar kl. 10:30. Statsråden er tilgjengeleg for intervju i etterkant av talen.

Sjukehustalen kan du også følge direkte på Helse- og omsorgsdepartementet sine nettsider