Bent Høie til Odda 16. mai

Helse- og omsorgsminister Bent Høie får omvising på Odda sjukehus og orientering om akuttilbodet tysdag 16. mai.

Program:

  • 12.00-12.30: Lunsj på Odda sjukehus med leiarar, tillitsvalde, verneombod og ordførar. Statsråden får ei orientering om akuttilbodet i Odda.
  • 12.30-13.30: Omvising på ulike einingar ved Odda sjukehus.
  • 13.30-14.15: Omvising på ambulansestasjonen og informasjon om den prehospitale tenesta.
  • 14.15-15.00: Statsråden møter ordførar i Odda, leiarar i Helse Vest og i Helse Fonna. 

Media er velkommen til å følge statsråden sitt besøk fram til klokka 14.15. Deler av omvisinga på Odda sjukehus vil ikkje vere ope for media grunna pasientomsyn. Statsråden kan intervjuast undervegs.

Kontakt:

Kommunikasjonsrådgivar Reidar Evensen
telefon 99162659, e-post: reidar.evensen@hod.dep.no